Kina innfører klimakvoteprogram

Kina, som har dei største utsleppa i verda av CO2, vil fredag presentere eit program for handel med klimakvotar frå 2017, opplyser amerikanske tenestemenn.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målet er å avgrense utsleppa i landet av CO2, som påverkar klimaet. Ifølgje europeiske utrekningar stod Kina for nesten 30 prosent av CO2-utsleppa i verda frå energiproduksjon og industri i 2013.

LES OGSÅ: USA og Kina er klimaverstingar

Kinas president Xi Jinping, som denne veka besøkjer USA, vil presentere nyheita på ein felles pressekonferanse med USAs president Barack Obama fredag. Det blir ein av dei få politiske vedtaka som blir presentert under møtet, opplyser tenestemennene.

Det nye nasjonale kvoteprogrammet i Kina skal etter planen starte i 2017. Det skal påleggje bedrifter eit tak for kor mykje CO2 dei kan sleppe ut årleg. Selskapa kan så kjøpe og selje kvotar etter behov.

Sidan Obama besøkte Beijing i november i fjor, har landa for alvor gått saman om å få klimaendringar på dagsordenen. Kina har lovd å stanse utsleppsveksten innan 2030. (©NPK)

LES OGSÅ: Historisk klimaavtale – men kva betyr den?