Fryktar pengane forsvinn

Kommunane i Nordhordland har dei siste to åra fått tre millionar kroner for å styrka skulehelsetenestene og helsestasjonane. For det har dei fått 0,9 nye stillingar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i bladet Nordhordland.

Det viser ei undersøking som sykepleien.no har gjennomført.

Undersøkinga er utført etter ein debatt i 2013 der dåverande helseminister Jonas Gahr Støre gav 180 millionar ferske kroner til styrking av helsestasjonane og skulehelsetenesta.

LES OGSÅ: Ungdomspolitikarane krev løft i skulehelsetenesta

0,9 stillingar
Over statsbudsjettet for 2014 kom desse pengane. Kvar kommune har fått minimum 100.000 kroner i frie midlar, men med ei føring om at de skal brukast til å styrke helsestasjonar og skulehelsetenesta. Kommunane har og fått midlar for 2015.

Totalt har kommunane i Nordhordland fått tre millionar kroner over to år, som skal komma dei 9510 ungdommane mellom 0–19 år til gode.

For dette har dei klart å etablera 0,9 nye stillingar viser tal som kommunane sjølve har rapportert inn til sykepleien.no.

Bjørn Brunborg i Lindås Ap fryktar pengane skal verta brukt på heilt andre ting enn det som var intensjonen.

– Helsesøstrene våre er dei fremste frontsoldatane me har for å nå denne viktige gruppa, seier Brunborg.

– Dei er dei fyrste som kjem i kontakt med barn som har det vanskeleg. Dei er der ungane er, ein treng ingen tilvising for å komma til dei og dei oppdagar dei vanskelege tinga fyrst. Er ikkje dei der, vil det gå lang tid, seier han.

LES OGSÅ: Halvparten gjekk til helsesøster

– Må sjå alt samla
Han understrekar at han tykker Lindås gjer ein god jobb med å nå dei unge tidleg.

– Men no manglar dei den resursen som er sendt frå regjeringa for å styrka den, peikar han på.

Difor tok han opp i ein interpellasjon at desse pengane må gå i sin heilskap til ei helsesøsterstilling, som han meiner var intensjonen i budsjettvedtaket gjort av kommunestyret i Lindås.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun stadfestar at pengane har gått inn i den totale ramma til kommunen, og ikkje er brukt til ei rein helsesøsterstilling.

Forthun seier han skjønar og intensjonen i forslaget frå Brunborg. Men han er likevel ikkje heilt einig.

– Dette har med det førebyggande arbeidet å gjera. Helsesøstrene jobbar ikkje isolert med førebygging, alt me gjer med barn og unge heng saman. Difor vil me sjå på alt saman samla, seier han.

Korleis er opningstidene på helsestasjonen i din kommune? Sjå vår oversikt!

Rådmannen meiner det ikkje er snakk om reine midlar, men ei ramme der myndigheitene seier deira tanke er at pengane skal brukast sånn og sånn.

– Problemet med slike enkeltvedtak er at det står kva ein skal prioritera opp, men ikkje kva sin skal prioritera ned. Og om då formannskapet ønskte at me skulle følga opp med ei faktisk pengeløyving, måtte me ha tatt ned noko anna, meiner han.

For Forthun peikar på at saka var oppe i formannskapet då dei var samla i Ulvik i sommar utan at nokon sa noko på det.

No er forslaget til Brunborg sendt til det nye formannskapet for avgjerd.

– Eg håpar politikarane i neste periode ser viktigskapen av å bruka desse midlane, sluttar han.