Meir nordisk på Folkelarm

Denne veka er det igjen duka for bransjetreffet Folkelarm i Oslo, det tiande i rekka. I år har vel 40 unge og meir etablerte folkemusikk- og verdsmusikkartistar meldt seg på.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prosjektleiar Sigurd Reinton i Folkelarm er særs godt nøgd med søkinga til bransjefestivalen i år.

– Vi har hatt større søking til Folkelarm i år enn det som har vore vanleg dei siste åra. Det er ein positiv trend at fleire og fleire artistar søkjer seg til Folkelarm, også blant dei litt større artistane, seier han.

LES OGSÅ: Folkemusikk til operascena

Nordisk varemerke
Reinton kan love tre dagar fullpakka med folkemusikk og folkedans på Riksscenen i Oslo i dagane 24. til 26. september. Bransjefestivalen held i år fram satsinga på nordisk samarbeid og lanserer mellom anna det felles merkenamnet NordicFolk, som skal hjelpe norsk folkemusikk ut i verda.

– Ei sameint nordisk satsing på eksport av folkemusikk kan verkeleg skape noko stort. Får vi på plass ein solid norsk motorveg ut i verda, kan norsk folkemusikk bli ein av dei viktigaste musikkeksportvarene våre, seier Reinton.

LES OGSÅ: – Ein heilt alminneleg hobby

Gammaldans og folkrock
Som vanleg skal ei lang rad utøvarar frå heile Norden få presentert seg på Folkelarm. Reinton trekkjer fram mellom andre den unge gammaldansgruppa Lendmenn frå Gudbrandsdalen, den godt etablerte folkemusikaren Eli Storbekken, den finske duoen Aallotar og den svenske folkrockgruppa Skenet.

– Programmet er som vanleg veldig variert med alt frå dei som står for det meir tradisjonelle, til dei som trekkjer det i ei litt anna og meir moderne retning og over i andre sjangrar, seier Reinton.

Mari Midtli (18) frå Sel i Gudbrandsdalen blir elles den yngste deltakaren som nokon gong har stått på ein Folkelarm-scene. Som syttenåring vann ho i fjor Fureprisen under Landskappleiken på Geilo og fekk dessutan to stipend, eitt for vokal folkemusikk og eitt for felespel.

LES OGSÅ: Rybak og Frikar toppa showet

Kvinneleg elitedansar
På dansefronten skal mellom andre Silje Onstad Hålien – den første kvinna i Noreg som dansar halling på elitenivå – i elden med utdrag frå framsyninga «101 hattar å sparke før eg døyr».

Kirsti Bakken Kristiansen, Erlend Apneseth og duoen Odde & Holmen skal avgjere kven av dei som blir årets unge folkemusikar når dei møtest til finale i Intro-folk, lanseringsprogrammet for unge norske og samiske folkemusikarar. Dei tre kvalifiserte seg til finalen ved å vinne kvar sin semifinale på tre festivalar i sommar.

Folkelarmprisen skal som vanleg delast ut til artistar som har utmerkt seg med utgivingar innanfor folkemusikk eller anna tradisjonsmusikk det siste året. I år skal det delast ut prisar i kategoriane solist, tradisjonelt samspel, open klasse og dokumentasjon. I tillegg blir det kåring av årets folkemusikar og utdeling av FolkOrgs arrangørpris.

LES OGSÅ: Spelemannen frå Jølster

Marknadskurs med Frikar
Sigurd Reinton minner òg om dei rundt 20 seminara som folkemusikarar og andre kan ha interesse av under Folkelarm.

– Dei handlar om alt frå grunnkurs i å lage nettside til meir avanserte seminar, til dømes om korleis ein sel eit dansekompani i Europa. Frikar kjem for å snakke om det. Så her er det noko både for amatørar og dei profesjonelle, seier Folkelarm-sjefen. (©NPK)