Åtte av ti familiar nøgd med barnevernet
Stadig fleire er i kontakt med barnevernet, men forskarar etterlyser betre tilpassa tiltak.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Åtte av ti nøgd med barnevernet
I fjor fekk 53.100 barn og unge ulike tiltak frå barnevernet. Av desse fekk 43.500 hjelpetiltak i heimen, medan 9.600 fekk omsorgstiltak.
Tendensen er klår. I løpet av dei siste 20 åra har ein stadig større del av barn og unge i Noreg fått hjelp av barnevernet.
LES OGSÅ: Hundre fagfolk med bekymringsmelding om barnevernet
Tidleg innsats
Mange foreldre ynskjer òg kontakt med barnevernstenesta etter avslutta rettleiing, ifølgje forskarane som på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har laga rapporten «Forskningskunnskap om barnevernets hjelpetiltak».
– Denne rapporten syner at me har fått eit meir ope og breiare barnevern. Barnevernet kjem tidlegare inn og kan hjelpa med fleire ting, seier prosjektleiar Øivin Christiansen i ei pressemelding.
Det er Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) Vest som i samarbeid med NOVA ved Høgskolen i Oslo og Akershus har utarbeidd rapporten som lanserast i dag.
LES OGSÅ: Uroa for sårbare Oslo-barn
Kritisk til einsformige tiltak
Det er sjeldnare enn før omsorgssvikt som er årsaka til at barnevernet må gripa inn.
Mottakarane er ulike, men ofte er det ulike kombinasjonar av oppsedingsvanskar, psykiske vanskar, konfliktfylte relasjonar, skulemessige utfordringar, mangel på støttande nettverk og trong økonomi som utløyser hjelpetiltak.
Forskarane har sett på både den utbreidde bruken av rettleiingstiltak for foreldra og andre støttetiltak, som besøksheim, økonomisk hjelp og barnehage.
– Me er kritiske til at familiane får tilbod om rettleiing av samspel og oppseding uansett kva problem dei har. Barnevernet bør ha større merksemd på breidda av familiens belastningar og tilpassa tiltaka etter behova, seier Christiansen.