120.000 personar var registrert som arbeidsledige i juli.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).120.000 personar utgjer 4,3 prosent av arbeidsstyrken.

LES OGSÅ: Opnar for å kombinera dagpengar og utdanning

SSB-tala tar utgangspunkt i gjennomsnittet for tremånadersperioden juni til august. Samanlikna med perioden mars-mai har talet på ledige auka med 3.000 personar.

Samtidig har talet på sysselsette personar auka med 8.000 til 2.654.000 i perioden. Dette utgjer 68,1 prosent av befolkninga, det same som i førre periode. Endringa er innanfor feilmarginen.

LES OGSÅ: – Risikerer frå fall og varig arbeidsløyse

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE