Vil satse på toppelevane

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil ha eit godt tilbod for elevar som presterer høgt. No skal eit utval vurdere korleis norsk skule betre kan ta vare på desse elevane.

– Det har lenge vore ein tanke om flinke elevar alltid vil klare seg. Vi har ikkje hatt nok fokus på at elevar som presterer høgt er ei samansatt gruppe, med ulike utfordringar og behov, seier statssekretær Birgitte Jordahl i ei pressemelding frå regjeringa.

LES OGSÅ: Slår alarm om stadig større skuleklassar

Tilpassa opplæring for dei beste
Ifølgje pressemeldinga, ønskjer regjeringa ei meir langsiktig og heilskapleg satsing for elevar som prestererer på høgt fagleg nivå og elevar med særskilte talent.

Kunnskapsministerens utval skal mellom anna samanstille kunnskapen om temaet, og føreslå tiltak for å gje desse elevane betre opplæring. Det er første gong temaet vert utgreia på denne måten.

– Vi må sørgje for at prinsippet om tilpassa opplæring vert teke i vare også for elevar som presterer høgt, seier Jordahl.

LES OGSÅ: Skulane favoriserer fotball

Fleire tek fag på høgare nivå
I pressemeldinga heiter det også at stadig fleire elevar tek fag på vidaregåande nivå medan dei framleis går i ungdomsskulen. I førre skuleår tok 2133 grunnskuleelevar fag på høgare nivå, noko som tilsvara rein auke på 36 prosentpoeng frå året før.

Men dei regionale skilnadane i tilbodet er store.

– Å ta fag på høgare nivå kan vere eit godt tiltak for å tilpasse opplæringa, men det er ikkje nødvendigvis dette åleine som gir eit godt tilbod, seier Jordahl.

Utvalet skal verte leia av utdanningsdirektør i Drammen kommune, Jan Sivert Jøsendal.

Regjeringa siklar på PISA-resultata til land som Finland, Tyskland og Nederland, som har dobbelt så mange elevar på dei to høgste nivåa i PISA-undersøkingane.

– Dette er ein indikasjon på at det finst eit uforløyst potensiale hjå norske elevar og det må vi ta alvorleg, seier statssekretæren.

LES OGSÅ: Isaksen vil la unge ta opp grunnskulefag