– Få hovudet opp av sanden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag prestenterer Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Miljødirektoratet og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) oppdatert kunnskap om klimaendringane i Noreg. Særleg er det to endringar som vil vere utfordrande her i landet fram mot år 2100: ekstremt regn og auka havnivå.

Natur og Ungdom krever handling.

– Her har regjeringa fått grundig bevis på at klimaendringane ikkje berre vil ramme øystatat i sør, men også oss sjølv. At Noreg vil verte ramma av meir ekstremvêr og meir nedbør vil bekymre dei fleste. Når i tillegg havnivået vil auke med opp til ein halv meter bør regjeringa verkeleg reagere, skriv leiar Arnstein Vestre i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima

Rapporten er laga av Bjerknesinstituttet, Havforskningsinstituttet og Nansensenteret. Trass i at klima- og miljøminister Tine Sundtoft seier det er tydeleg at utsleppa må verte reduserte, tvilar Natur og Ungdom på kor alvorleg regjeringa tek det.

– Regjeringa har ein eigen evne til å stikke hovudet i sanden og prøve å gløyme vårt ansvar for dei globale klimaendringane. Når vi ser at Noreg vil verte ramma av meir ekstremvêr og smeltande isbrear, burde det vere ei skikkeleg oppvakning. No er det på tide at regjeringa ser konsekvensane av klimaendringane også her, og sluttar å vere så feige, skriv Vestre.

Manglar kompetanse
Også fagforeininga Naturviterne har gått ut mot det offentlege.

– Mange kommunar jobbar ikkje hardt nok med klimatilpassingar, seier leiar Vebjørn Knarrum i fagforeininga Naturviterne, ifølgje NPK-NTB.

– Det er alvorleg at ein i mange kommunar ikkje jobbar hardt nok for å handtere følgjer av ekstremvêr. Vi hengjer etter i samfunnsplanlegginga, seier Knarrum i ei pressemelding.

Ifølgje Naturviterne manglar ei rekkje kommunar tilstrekkeleg kompetanse til å omsette kunnskap om klimaendringar til faktiske tiltak.

LES OGSÅ: Klimaforskarar på djupt vatn

Foreininga viser til tal frå Nivi Analyse som slår fast at 61 prosent av kommunane har 0,5 prosent årsverk eller mindre for å drive samfunnsplanlegging.

32 prosent av norske kommunar har 0,5 prosent årsverk eller mindre til arealplanlegging.

Berre 28 prosent av kommunane har eit fagmiljø – minimum to personar – for å drive arealplanlegging.

– Svært mange kommunar må setje seg mykje betre inn i korleis dei kjem til å bli råka, seier Knarrum.

Store variasjonar
Direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet stadfestar at det er stor variasjon i Kommune-Noreg når det gjeld klimatiltak.

– Nokre kommunar har i lengre tid følt klimaendringane på kroppen og har sett i verk gode og effektive tiltak. Men andre kommunar ligg etter.

Ho stadfestar òg at det er statleg ansvar å syte for at kommunane får god nok informasjon.

– Klimarapporten som kjem på bordet tysdag vert ein svært viktig reiskap for kommunane. Miljødirektoratet jobbar òg på spreng med nye retningsliner om klimatilpassingar for kommunane, seier ho.

LES OGSÅ: Slik vil dei løyse klimakrisa

Nettstaden Norsk klimaservicesenter vert oppdatert i desse dagar og vil mellom anna presentere fylkesprofilar som viser korleis klimaendringane vil slå ut ulike stader i Noreg.

– Situasjonen vi har hatt dei siste dagane med ekstremvêr aukar medvitet om at klimatilpassing er naudsynt, seier ho.

– Dyrare å la vere
På spørsmål om kommunane har råd til å setje i verk naudsynte tiltak svarer ho at det blir dyrare å la vere.

– I København opplevde dei sommaren 2011 monsterregn. Det kom 120 millimeter regn på to timar. Det kosta mellom 6 og 10 milliardar kroner å reparere skadane. Overslag viser at det hadde kosta halvparten om ein sytte for førebygging, seier Hambro.

Godt rusta
Hege Hisdal, hydrolog i NVE og ein av hovudforfattarane bak den nye klimarapporten, peiker på manglande vedlikehald som eit problem.

– Vår kanskje største utfordringar er at vi har eit stort etterslep på vedlikehald av vatn- og avlaupsstrukturar, vegar og jernbane, seier ho.

Ho meiner elles at Noreg er godt rusta for å møte klimaendringane.

Faktaboks

Fakta om funn i rapporten «Klima i Noreg 2100»

Med framleis raskt aukande klimagassutslepp bereknar ein
desse medianverdiane for klimaendringar for Noreg fram mot slutten av dette hundreåret:
* Årstemperatur: Auke på ca. 4,5 ºC (spenn: 3,3 til 6,4 ºC).
* Årsnedbør: Auke på ca. 18 prosent (spenn: 7 til 23 prosent).
* Styrtregnepisodane blir kraftigare og vil
Komme oftare.
* Regnflaumane blir større og kjem oftare.
* Snøsmelteflaumane blir færre og mindre.
* I lågtliggjande område vil snøen bli nesten borte i mange år, mens det i høgfjellet kan bli større snømengder i enkelte område.
* Det blir færre isbrear og dei som er igjen har blitt mykje mindre.
* Havnivået aukar med mellom 15 og 55 cm avhengig av lokalitet.
(Kjelde: Klima i Noreg 2100) (©NPK)

Fakta om rapporten «Klima i Noreg 2100»
* Den første «Klima i Noreg 2100» -rapporten vart utarbeidd i 2009.
* Den nye rapporten er utarbeidd for å gi eit oppdatert og vitskapeleg grunnlag for klimatilpassing i Noreg.
* Rapporten omfattar atmosfæreklima, hydrologi, permafrost, skred og havklima, og byggjer på den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel.
* Ein har tre ulike framskrivingar ut frå kor mykje ein klarer å redusere klimagassutsleppa.
* 37 forskarar frå Havforskingsinstituttet, Meteorologisk institutt, Nansensenteret, NVE, Uni Research, Universitetet i Bergen og Kartverket har delteke i arbeidet.
* Oppdragsgjevar er Miljødirektoratet. (©NPK)