Vil gi meir makt til veljarane

Ved neste stortingsval vil veljarane sannsynlegvis kunne stemme på person, ikkje berre på parti.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa sender denne veka ut på høyring eit forslag til endring i vallova som skal gi veljarane større innverknad på kva for politikarar som blir valde inn på Stortinget, skriv Aftenposten.

Lova som regulerer stortingsvala har vore uforandra i 94 år. Målet er at endringane skal vere klare før valet 2017.

Forslaget inneber at veljarane kan gi éi personstemme til så mange kandidatar han eller ho ønskjer på den valde partilista. Men det blir samtidig lagt inn ei sperregrense på 8 prosent. Det inneber at minst åtte av 100 som stemmer på partiet, må gi kandidaten si stemme for at det skal telje.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) seier at han trur forslaget vil gi tettare kontakt mellom partia og veljarane.

– Ved dei siste lokalvala i Oslo har vi sett at kandidatar driv personleg valkamp, og det spreier seg til resten av landet. Det er positivt, kandidaten kjem nærare veljarane, seier Sanner.

Allereie i 2010 foreslo dåverande stortingsrepresentantar Sanner og Erna Solberg at veljarane skulle få same moglegheit til å gi personstemmer som ved kommune- og fylkestingsval. Ein samrøystes kontrollkomité sa at dette burde utgreiast, og no blir forslaget sendt ut på høyring før det endelege lovforslaget går til Stortinget. (©NPK)