Skuffa over 16- og 17-åringane

Toyni Tobekk
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre kommuneval i 2011 var første gong Kommunaldeldepartementet gjennomførte forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar i 20 utvalde kommunar. I år har ti av kommunane vorte bytta ut.

Lågare deltaking enn blant øvrig befolking
Hå er ein av dei ti nye kommunane som har fått plass i forsøket med å senkja stemmeretten ved kommunevalet.

Leiar for politisk sekretariat i kommunen Marianne Espedal Boge kan fortelja at valoppslutninga blant 16- og 17-åringane i Hå kommune var på 58,7 prosent.

Det er noko lågare enn snittet i kommunen som låg på 63,6 prosent.

I alt hadde kommunen 518 ungdommar i denne aldersgruppa. 75 av desse stemte på førehand, medan 229 var innom vallokala på sjølva valdagen.

På Kommunaldepartementet sine nettsider står det at Hå kommune har 56 prosent deltaking blant 16- og 17-åringane. Espedal Boge har kontakta departementet, som stod fast på tala sine.

LES OGSÅ: Aarebrot: Dei raudgrøne gjer comeback

– Me er veldig spent på å høyre korleis det har gått med dei andre kommunane. Generelt har valdeltakinga gått litt ned sida sist. Eg hadde håpa valdeltakinga blant dei yngste var på same nivå som resten, men tykkjer ikkje dette er så gale, seier Espedal Boge, som berre har positive erfaringar med kommunens første stemmerettsforsøk for 16- og 17-åringar.

– Me ser at politikarane har vore engasjerte og tykkjer det har vore spennande. Ungdomsrådet har òg fått ein oppsving, og ei viktig sak å jobba med. Me har fått fokus på viktigheita av å få unge inn i styre og stell, så no er me spent på om det har noko innverknad på kor mange unge kandidatar som har kome inn i kommunestyret.

Skuffa over valdeltakinga
18 år gamle Olaus Trygve Bjuland i Hå KrF er ein av to under 20 år som er valt inn i kommunestyret i Hå kommune. Han er ikkje like nøgd med deltakinga blant dei yngste.

– Eg er skuffa over at ikkje fleire brukar stemmeretten sin. Vi har lagt mykje energi i at 16- og 17-åringar skal få stemme, men det har kanskje ikkje så mykje føre seg når få deltek, seier han om valoppslutninga.

Bjuland trur sjølv at stemmerettsforsøket har hatt noko å seie for at han var valt inn, og mistenkjer at han har fått mange slengjarar frå unge veljarar. Desse tala er førebels ikkje kjende, men Bjuland fekk 3. mest slengjarar.

– Eg trur nok at unge stemmer på unge. Mitt inntrykk er at ungdommane vil ha yngre politikarar inn, og at dei kjenner på at vi som er unge ikkje er så annleis frå dei. Og det er jo også deira stemme eg skal vere i kommunestyret, seier Bjuland.

LES OGSÅ: Lågare valdeltaking blant 16- og 17-åringar i Luster

Trass i moglegheita for at det nettopp er dei unge som stemte han inn, er politikaren kritisk til å senkje stemmerettsalderen.

– Eg er i utgangspunktet kritisk, og tykkjer at ordninga der stemmerett og myndigheitsalder er knytt saman fungerer godt. At valoppslutninga blant 16- og 17-åringar er såpass låg, byggjer under påstanda mi om at 16-åringar har godt av eit par år til på vidaregåande før dei kan stemme.

Trur dei unge var avgjerande for Krf
Valkampen har vore prega av stemmerettsforsøket, ifølgje politikaren.

–  Vi har eit av dei mest aktive ungdomspartia i landet, som har gjort ein god jobb. Vi har mellom anna brukt sosiale medium meir enn vanleg, gjort nytte av nettverka våre, og arrangert bedehusturne. Vi veit at vi har eit stort veljarpotensiale i desse miljøa, og turneen let oss kome i kontakt med ungdommar, seier politikaren, som trur at det er nettopp førstegongsveljarane som vippa ordføraren i favør av Krf.

Det var berre 65 stemmer som avgjorde at partiet fekk ordføraren i kommunen. 

Rekorddårleg deltaking
I kjølvatnet av 22. juli såg ein ei rekordhøg deltaking i lokalvalet 2011, både blant førstegongsveljarane og resten av befolkninga.

Valdeltakinga blant 16- og 17-åringar i dei 20 forsøkskommunane låg då på 58 prosent. Det var høgare enn dei ordinære førstegongsveljarane, men noko lågare enn resten av befolkninga – der 63 prosent stemte.

Berre 59,9 prosent av alle dei med stemmerett nytta seg av han ved kommunevalet i år.

LES OGSÅ: Runar mangla 18 stemmer på å bli valt

Faktaboks

Valdeltaking blant 16- og 17-åringar:

(Valdeltaking frå 2011 i parantes)

Alle kommunane: 57,0 (57,8)

Austevoll: 77,0 prosent (62,2)

Luster: 68,4 prosent (82,2)

Tysfjord: 65,1 prosent (64,4)

Oppegård: 64,0 prosent

Hamar: 61,3 prosent (59,8) 

Eid: 60,6 prosent 

Mandal: 60,5 prosent (59,3) 

Porsgrunn: 58,6 prosent (52,7)

Stavanger: 57,5 prosent (61,5)

Lillesand: 57,2 prosent 

Klæbu: 56,9 prosent

Marker: 56,8 prosent (67,9)

Gausdal: 56,0 prosent

Hå: 56,0 prosent

Horten: 54,3 prosent

Kautokeino: 53,9 prosent (59,1)

Namdalseid: 52,4 prosent (77,3)

Målselv: 52,3 prosent

Vadsø: 48,4 prosent

Kristiansund: 37,2 prosent

Kjelde: KMD