AUF skuffa over låg valdeltaking
Ei valdeltaking på under 60 prosent i kommunevalet er skuffande, meiner AUF, som hadde trudd på ei høgare deltaking som følgje av det store engasjementet om flyktningsituasjonen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi har sett eit veldig folkeleg engasjement rundt den saka som har prega valkampen aller mest, flyktningsituasjonen i Europa og verda. Det er noko vi skal vere stolte av som nasjon, men dessverre bidrog det ikkje til at fleire brukte stemmeretten sin, seier AUF-leiar Mani Hussaini.
LES OGSÅ: Aarebrot: Dei raudgrøne gjer comeback
Han meiner alle parti bør prøve å finne tiltak som kan snu den negative trenden i valoppmøtet.
– Det er ikkje bra for lokaldemokratiet at nesten halvparten av innbyggjarane lar vere å stemme, seier AUF-leiaren. (©NPK)