Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim i Vågå selde ut rekordmange billettar på rekordtid. No jobbar tilflyttarfestivalen med å verte betre lokalt forankra.

Då 950 billettar vart lagt ut for sal i april vart passa til Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim rivne bort på rekordtid. Allereie to månadar før festivalen, som gjekk av stabelen denne helga, var det ikkje fleire billettar å oppdriva.

LES OGSÅ: – Ikkje alle kan verte filmregissørar

Meir filmfokus
Fjellfilm i Jotunheimen er i dag den største norske filmfestivalen til fjells. Presseansvarleg samanliknar suksessen med nabofestivalen Vinjerock, som dei siste åra har vorte rivne bort på nokre få minutt.

– Kva er det som gjer Fjellfilm så populært?

– Eg trur at fleire har fått auga opp for det å kome seg ut i naturen, i tillegg til at festivalen har vorte breiare. Du treng ikkje drive med ekstremsport for å kome på Fjellfilm. I tillegg var det eit veldig fint år i fjor, som gjorde at folk fekk auga opp for kor fint det faktisk er, seier den nye festivalsjefen Maritha Bjørnbeth.

Med fleire spelefilmar og tre fulle kortfilmprogram har dei i år vridd fokus meir mot å vere ein filmfestival. Men filmane må sjølvsagt ha element av natur og fjell i seg.

I år kan festivalen skryte av førpremiere på «Sunshine Superman» og verdspremiere på «Villmark 2», oppfølgjaren til den norske skrekksuksessen, som hadde premiere same år som den første Fjellfilmfestivalen på Turtagrø i 2003.

I tillegg fekk publikum sjå langfilmdebuten til Henrik Martin Dahlsbakken «Å vende tilbake». Filmen vart kortlista til Noregs Oscar-kandidat, men måtte sjå seg slått av storfilmen «Bølgen».

LES OGSÅ: Kallar katastrofefilm «realistisk

Festivalsjef for Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim i Vågå Maritha Bjørnbeth, saman med fjorårets festivalsjef Roger Bareksten.
Årets festivalsjef Maritha Bjørnbeth og fjorårets festivalsjef Roger Bareksten vonar fleire i lokalsamfunnet i Vågå får augo opp for Fjellfilmfestivalen. 

Utanbys frå
Dei fleste av filmskaparane, foredragshaldarane, iherdige frivillige og tilreisande festivaldeltakarane kjem utanbys frå.

– For dei fleste i Vågå har Fjellfilm vore ein godt bevart hemmelegheit. Det har ikkje vore så mange lokale her, men det er fleire i år og me håpar på enno fleire til neste år,  seier Bjørnbeth.

Den fyrste Fjellfilmfestivalen vart nemleg heldt på Turtagrø, lenger vest i Jotunheimen. I 2012 flytta heile festivalen til DNT-hytta på Gjendesheim i Vågå kommune. Festivalen er med andre ord ein tilflyttar, som freistar å knyte gode band i lokalmiljøet.

Fjorårets festivalsjef Roger Bareksten var med på flyttelasset og har dei siste åra jobba særleg mot det å få ei lokal forankring.

– Det handlar om at festivalen får lokal fotfeste og gode levekår, for me har ikkje tenkt å flytta herifrå, seier Bareksten, som er særs oppteken av at innbyggjarane i Vågå skal kjenna eigarskap til festivalen.

Styret i Fjellfilmfestivalen ynskjer seg difor ein person til styret med lokal tilknyting til Vågå og regionen, slik at lokale krefter kan vera med leggje rammene og premissane for festivalen framover.

LES OGSÅ: Manglar eigen festivalpolitikk

Minifjellfilm og fjordcruice
Dei nasjonalt appellerande nærmiljøfestivalane Trollrock og Vinjerock er førebilete.

Aller helst ser Bareksten at lokale krefter tek over Fjellfestivalen på sikt, saman med samarbeidspartnarane DNT og Fri Flyt, som i dag eig Stiftinga Fjellkultur.

– Eg er ekstremt oppteken av at folk skal vere stolte av heimstaden sin, og her ser eg mykje av dei same moglegheitene som heime. Naturen og moglegheitene er heilt unike, men somme tider ser ein det ikkje sjølv dersom ein bur midt oppi det. Då kan det vere trong for at nokon kjem utanfrå, meiner festivalmannen, som sjølv har vore med å starta Våt Moro i heimbyen Florø.

Akkurat som den nye festivalsjefen har den førre sjefen inntrykk av at Fjellfilm er noko dei færraste i Vågå kjenner til. Han trur likevel dei er på rett veg.

I år er andre året på rad at Fjellfilm inviterer åttandeklasse frå Vågå ungdomsskule på Minifjellfilmfestival med aktivitetar, film og overnatting dagen før hovudfestivalen.

I tillegg har Vågå kommunen bidrege i arbeidet med festival-appen og kom sjølv med ideen om eit cruise der deltakarane får smaka lokal mat og øl.

–Innsalet mitt til kommunen er at alle kommunar reiser rundt på utdanningsmesser for å gjera seg attraktive. På fjellfilm treff dei tusen folk som er i målgruppa som likar natur og friluftsliv. Ein får marknadsført regionen både som besøksstad og til å busette seg, seier Barekstern.

LES OGSÅ: – Festivalar skapar stoltheit

Er himmeltaket nådd?
Blant friskusar landet over er i alle fall ikkje festivalen noko hemmelegheit. Ikkje berre vart billettane selt ut på rekordtid i år. Festivalen har òg auka billettalet frå i fjor. Om det vert rom for fleire er framleis uvisst.

– Eg trur me har nådd taket no, men me skal ta ei vurdering etter årets festival, avsluttar festivalsjef Bjørnbeth.

LES OGSÅ: Aktiv på festival er den nye trenda

Multisportkonkurransen Fjellfilm
Aktivitetar og foredrag har framleis ei sentral rolle i Fjellfilmfestivalen. Her er to deltakarar i Multisportkonkurransen, der det i år var venteliste for å delta. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE