Ap går mot sitt beste val på 28 år

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatert klokka 08.33:

Etter at 99,9 prosent av stemmene er talt opp, ligg Arbeidarpartiet på 33 prosent av stemmene. Det er det beste kommunevalet for Arbeidarpartiet på 28 år.

Heilt frå dei første resultata kom inn, såg det ut til at Arbeidarpartiet ville gjera eit veldig bra val.

– Eg er veldig spent. Viss dette held, ligg Ap an til å gjere det beste valet på 28 år. Det er formidabelt! Då skal me feira slik som det skal feirast – som gode arbeidarar, sa Mani Hussaini til Framtida.no måndag kveld i 22-tida.

I Bergen ligg partiet an til å ta over styringa av byen med ein oppgang på 9 prosent etter at 99,6 prosent av røystene der er talt opp.

– Det er enormt bra, takka vere ein god valkamp. Det viser at folk vil ha fellesskapsløysingar, seier Hussaini.

– Kva rolle skal AUF spele om Ap får makta i dei store byane?

– Vi har 1200 ungdomskandidatar rundt omkring, og eg håpar at alle kjem inn. Då skal vi stå på krava, for miljø, eit betre og billegare kollektivtilbod, kulturhus slik at unge får eit godt kulturtilbod, og fleire lærarar og helsesøstrer.

LES OGSÅ: Miljøpartiet Dei Grøne aukar mest: – Heilt fantastisk

– Tydeleg signal
Det er god stemning på valvaka til Arbeidarpartiet i Oslo. Kring 900 menneske fann vegen til Folkets Hus måndag kveld. Mange kledd i raudt, og på borda raude roser.

Emilie Bersaas, nestleiar i AUF, er òg blant dei som er nøgd med resultata:

– Stemninga er heilt utruleg her. Vi ser at folk vil ha ei ny retning – dette er eit tydeleg signal til regjeringa. Vi gjorde og eit historisk godt skuleval. Og Bergen, der vi ligg godt an, er ein stor og viktig by for oss.

– Korleis vil vi merke Ap om de vinn i desse byane?

– Særleg vil vi merke at eldreomsorg og barnehagedekning får eit løft. Dette trengst og valet er eit signal om at vi folk ønskjer eit sterkt fellesskap! Eg følger og særleg med på Haugesund, der ei måling synte 39 proset! Det er heilt insane! Etter 22 år med Høgre skal det bli deileg å få makta tilbake – dette er ein reaksjon frå folket, seier ho.

LES ALT OM LOKALVALET HER!