Amerikansk forlag gjev ut Øyehaug
Det prestisjetunge amerikanske forlaget Farrar, Straus & Giroux (FSG) har kjøpt rettane til novellesamlinga «Knutar» og romanen «Vente, blinke» av Gunnhild Øyehaug.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På det amerikanske forlaget hamnar Øyehaug i godt selskap. Forleggjaren til Øyehaug skriv at forlaget er kjent for å gje ut noko av den beste og mest interessante litteraturen i USA. Blant forfattarane finn vi ei rekkje prislønte og kjende internasjonale forfattarar, mellom dei fleire nobelprisvinnarar i litteratur.
Gunnhild Øyehaug er den første norske forfattaren etter Jostein Gaarder som er representert på det velrenommerte forlaget. (©NPK)