Sjukepleiarar ut mot manglar i eldreomsorga

Unødvendig mange eldre brukar bleier og at for mange får roande medisinar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slår alarm om eldreomsorga

Ei undersøking blant 1.600 sjukepleiarar avdekkjer blant anna at unødvendig mange eldre brukar bleier og at for mange får roande medisinar.

I undersøkinga som Enalyzer har gjennomført for Aftenposten og Norsk Sykepleierforbund, har 1.640 av snautt 5.000 inviterte sjukepleiarar tatt seg tid til å vurdere ei rad påstandar om tilstanden i norsk eldreomsorg.

55,2 prosent seier dei er enten svært einig eller ganske einige i at det er for lita tid til å hjelpe til under måltid. Heile 72,2 prosent er svært eller ganske einige i at det er for lita tid til å ta institusjonsbebuarar ut i frisk luft. 46,8 er svært, ganske eller litt einige i at unødvendig mange får roande medikament.

43 prosent er svært, ganske eller litt einige i at eldre som med meir hjelp kunne sleppt bleier, brukar bleier. 55,6 prosent er svært, ganske eller litt einige i at mange eldre blir lagt til sengs for tidleg på kvelden.

– Eg er uroa over at pasientar ikkje får dekt dei mest grunnleggjande behov, seier forbundsleiar Eli Gunhild By i Sykepleierforbundet.

LES OGSÅ: Slik blir kommunebudsjetta endra