Bygdelister er lokale vallister som er uavhengige av dei vanlege landsdekkjande partia.

Svein Tuastad, Allkunne
Svein Tuastad, Allkunne

Bygdelister er ein type lokale lister til kommunestyret, med representantar berre frå eitt særskilt område i kommunen. Bygdelistene har som ei primær målsetjing å sikre interessene til bygda eller regionen som kandidatane kjem frå.

Bygdelister og andre lokale lister kan fange opp misnøye med lokal partidominans, kommunesamanslåing eller lokaliseringsstrid om attraktive etableringar. Det som særmerkjer både bygdelistene og andre typar lokale lister er at dei ikkje har nokon ambisjonar om å verte nasjonale organisasjonar. Dei lokale vallistene gjer at det lokale partisystemet vert annleis enn på det nasjonale planet.

Det finst òg andre typar lokale lister enn det vi kallar bygdelister. Eisakslister er lokale lister som ikkje representerer eit særleg geografisk område, men ei spesiell sak, slik som til dømes byluftslista i Bergen. Byluftslista fekk éin representant ved kommunestyrevalet i Bergen i 2011.

I dei minste kommunane er lokalpolitikken mindre prega av dei nasjonale partipolitiske spenningane. Når dei lokale politiske sakene går på tvers av det som er motsetnadene i rikspolitikken, vert behovet for representasjon frå dei vanlege partia mindre. Dessutan kan det i mindre kommunar vere for få folk til at det lét seg gjere å fylle dei ordinære partilistene. I den nest minste kommunen i landet, Modalen, med 378 innbyggjarar (i 2015), var det til dømes ved valet i 2015 to lister ein kunne velje mellom, Samlingslista og Solrenningslista. Det var små politiske skilnader mellom dei to listene, personane på lista var viktigare enn programmet.

Eit døme på ei bygdeliste med stor suksess er Nærbø-lista i Hå kommune, ein kommune med 18 500 innbyggjarar. Nærbø-lista har heilt sidan 1964 vore mellom dei dominerande politiske grupperingane i kommunen. Lista hadde til dømes ordførarvervet samanhengande i perioden 2003–2011. Lokalpatriotisme og nærleik til Nærbø-innbyggjarane ligg bak suksessen.

LES OGSÅ:Bygdelistene blir færre

Eit anna døme på ei lokal liste med stor veljarsuksess og lange periodar med ordførarmakt i ein større kommune er By- og bygdelista i Hamar, representert i kommunestyret sidan 1991 og med heile 42 prosent veljaroppslutnad i 2007.

Bygdelister har over tid vorte mindre viktige i lokalpolitikken. Alt tyder likevel på at det òg i framtida vil vere lokale variantar der borgarane kan velje lokale lister utanfor det etablerte partisystemet.

Ved kommunevalet i 2011 fekk lokale lister til saman 5,6 prosent av røystene. Det var lokale lister i 31 prosent av kommunane i landet. I dei kommunane der det var stilt lokale lister, fekk dei 18 prosent av røystene.

Les meir om lokalvalet i Allkunne!           

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04
ANNONSE