Rogaland slepp ut mest metangass i Noreg. Fylkesordførarkandidat Marianne Chesak (Ap) vil ha eit retningsskifte. Venstre håpar på meir enn fyndord frå Ap.

Faktaboks

Fram mot lokalvalet vil Framtida.no skriva om det grøne skiftet frå oljealderen til eit berekraftig samfunn. I møte med desse spørsmåla bør alle ha ei røyst. Difor treng me også synspunkta dine om kva løysingar som kan finnast i det grøne skiftet. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

For innspel: Ta kontakt på on.ad1532179745itmar1532179745f@spi1532179745t1532179745

LES FAKTALUKK FAKTA

Rogaland slepp ut mest metangass og nest mest CO2 av alle fylka i Noreg, ifølgje Framtida.no sitt oversyn. Rangeringa er basert på tal frå blant anna SSB.

Sjå tala her!

Nabofylket Hordaland ligg rett bak når det gjeld metangass, og rett framføre på CO2. Der varsla fylkesordførarkandidat Anne-Gine Hestenes (Ap) i går at Ap vil ha eit taktskifte i klimapolitikken.

I Rogaland meiner Marianne Chesak (Ap), som utfordrar sitjande fylkesordførar Janne Johnsen (H), at fylket treng ein ny retning.

Vil ha utstrakt samarbeid for klimaet
  Når Rogaland toppar statistikken syner det at politikarane i fylket ikkje har gjort nok for å bidra til omstilling, og grønare transport, næringsliv og lokalsamfunn. Her treng vi ein ny retning no, skriv Chesak i ein epost til Framtida.no.

LES OGSÅ: Finn ut meir om heimstaden din!

Ho fortel at Ap ønskjer at Rogaland skal verte eit klimanøytralt fylke. Dette vil partiet få til gjennom utstrakt samarbeid mellom det offentlege, innbyggjarane og næringslivet.

– Kva er dei viktigaste tiltaka du vil gjere for å redusere utsleppa på ein effektiv måte?

  Vegtransport, saman med oppvarming og kjøling av bygg, står bak dei største lokale klimautsleppa. Difor må vi få fleire til å velje buss, sykkel og gange. Godstransport må over til båt og bane, skriv Chesak.

Miljø og klima som ramme for politikken
Ap har føreslått ei prøveordning med gratis buss, og Chesak seier partiet ønskjer å ta i bruk ny teknologi og arbeide for eit fossilfritt kollektivsystem.

  I tillegg meiner vi at det er viktig å sjå på restriksjonar for biltransporten om vi faktisk skal nå målsetjingane våre. Fylkestinget skal også få seg framlagt ein årleg klima- og miljørekneskap. Dersom vi krever at andre skal omstille seg, må vi først starte med eiga verksemd.

LES OGSÅ: Vil ha klimarekneskap i kommunane

Fylkesordførarkandidaten seier miljø og klima skal vere ramma rundt Aps politikk i fylket.

– Fylkeskommunen har ansvar for viktige oppgåver som samferdsle og næringsutvikling, der det er særskilt viktig at vi ser resultat i åra framover. Dei resultata skal Ap levere om veljarane gir oss moglegheit, skriv Chesak.

– Nye takter frå Ap
Anja Berggård Endresen er fylkesordførarkandidat for Rogaland Venstre. Ho meiner Ap syner nye takter med utsegna.

– Eg er veldig glad for at Ap tek innover seg behovet for det grøne skiftet. Dei ha i mindre grad synt dette hittil i sin politikk, og at dei no innser alvoret som Venstre har peika på i fleire periodar, er gledeleg, skriv Berggård Endresen i ein epost.

Ho seier at miljø og kampen mot klimaendringane har vore øvst på Venstres agenda i fleire periodar.

– Eg ser fram til at Aps miljøpolitikk og deira kamp for å få ned klimautsleppa vert meir enn berre fyndord. Så vil tida syne om dei verkeleg gjer prioriteringane som må til for å få ned utsleppa.

Nasjonal strategi for biogass
Utslepp av metangass frå husdyrgjødsel er ei sentral årsak til at landbruksfylket Rogaland kjem høgt opp i fylkesrangeringa.  

Rangeringa av fylka er ein del av ressursen Lokalvalet 2015, der du kan sjekke kva din kommune og ditt fylke er gode eller dårlege på.

Venstre-politikaren meiner det er gjort for lite for å få ned utsleppa i Rogaland, og at det må takast nasjonale grep. Ho fortel at Venstre vil utarbeide ein nasjonal strategi for produksjon av biogass og auke innsatsen for å utvikle bioenergi basert på landbruksavfall.

– Innan 2020 skal 30 prosent av husdyrgjødselen gå til biogassproduksjon, og frå 2020 skal alle nybygg for storfe og svinehald verte planlagt og bygd for biogassproduksjon. Det er viktige grep som vert teke på dette området, og Venstre vil arbeide for at ein også på fylkeskommunalt nivå tek sin del av ansvaret, utdjupar ho.

I tillegg ønskjer Venstre at tilskota for behandling av husdyrgjødsel skal verte auka, og at ein skal ha støtteordningar som legg til rette for ei storstilt ombygging av fjøsane.

LES OGSÅ: Trur på taktskifte i klimakampen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE