Difor vil Kåre Martin (22) bli ordførar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er vel litt nervøs, seier han. Me treff han rett før han skal delta i sin fjerde og siste debatt før valet på måndag.

Som ordførarkandidat har han vore med på å laga valprogrammet tidlegare i år. Han har vore på stand og snakka med folk. Prøvd å få andre tysnesingar til å stemma på han. Snart skal det avgjerast kven som får flest stemmer i kommunen.

– Kvifor stiller du til val som ordførarkandidat?

– Eg er jo veldig glad i kommunen min. Me er ein god ungdomsgjeng som vil gjera ein innsats både i politikk og frivillig arbeid, seier han.

Sjølv har han vore programleiar på Tysnesfest – ein festival som på få år har blitt ein av dei største på Vestlandet. Der har han vore med på å introdusera det som skal skje på festivalen og arbeidd med programmet.

LES OGSÅ:Vestlandet på festivaltoppen

Lærarstudent
Kåre Martin Kleppe byrja i haust på lærarutdanninga på Høgskolen Stord/Haugesund på Stord. Tidlegare har han vore lærarvikar på Tysnes skule, noko som har gitt han sansen for læraryrket.

Nokre lærarar me snakkar med spøker med at dei ikkje vil stemma på Kåre Martin fordi dei heller har lyst til å ha han tilbake som lærar så fort som mogleg.

LES OGSÅ:Truleg få kvinner i kommunestyret etter valet

Kåra Martin Kleppe deltok i ein Me snakkast-debatt på Tysnes folkebibliotek på tysdag.

Ikkje negativ til kommunesamanslåing
– Kva er det viktigaste du vil jobba for i kommunestyret?

– Det viktigaste for meg er å få kontroll på eigedomsskatten. Eg synest han er høg, men det er nok ikkje realistisk å få han fjerna, seier Kleppe.

Elles er næringsutvikling ei viktig sak for han.

– Kva seier du til kommunesamanslåing?

– Me er ikkje negative til det. No først synest eg det er viktig å tileigna oss mest mogleg informasjon og kunnskap om konsekvensane. Så får me eventuelt ha ei folkerøysting seinare. Det viktigaste er at me får halda på skular, barnehagar og tenestetilbodet, seier Kåre Martin Kleppe.

LES OGSÅ:Under halvparten av partia nemner klima