Isaksen vil la unge ta opp grunnskulefag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Isaksen vil la unge ta opp grunnskulefag

Det varsla kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på torsdag, då han besøkte Thor Heyerdahl vidaregåande skule i Larvik, som er i gang med eit prøveprosjekt med grunnskuleopplæring, fortel NRK.

I dag er det ikkje lov å ta opp igjen fag frå grunnskulen viss du formelt har fullført. Det er problematisk for mange unge minoritetsspråklege som ikkje er rusta for å byrje på vidaregåande.

LES OGSÅ: – Mediane skremmer foreldre før skulestart

Kombinasjonsklassen er eit pilotprosjekt der elevar med minoritetsbakgrunn får grunnskuleopplæring. No ønskjer Isaksen å gjere prosjektet gjeldande for heile landet.

– Viss du har vore i Noreg i tre månader, men er så gammal at du er ferdig med grunnskulen, da har du automatisk fullført. Veldig mange elevar som kjem frå andre land, går ut av grunnskulen med eit bevis, men utan den kompetansen dei treng for å gå på vidaregåande, seier Isaken til NRK.

Forslaget skal no ut på høyring, og Isaksen seier han håper den nye lova skal kunne gjelde heile landet frå neste skuleår.

LES OGSÅ: Lat argumentasjon om studentar