Jobbar for ei open kyrkje
– Vi ynskjer at alle på lik linje skal få kome til kyrkja med sin kjærleik.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ynskjer ei open og inkluderande kyrkje.
Det seier Magnar Hjertenæs som står på lista til Åpen folkekirke under valet til bispedømmeråd. Åpen folkekirke vart danna som ei oppfølging av Kirkemøtet 2014 der debatten om likekjønna ekteskap skapte sterke reaksjonar blant medlemmar i Den norske kyrkja.
– Den norske kyrkja har vore ei folkekyrkje som har vore der både i glede og sorg, og der du kunne kome med dine spørsmål og di undring. Nokre av dei som kjem i kyrkja har ei klart definert tru, andre er der meir med sin tvil. Tanken er at alle høyrer til og er ein del av det same fellesskapet. Vi har alle vår rettmessige plass i kyrkja og i gudstenesta, og om vi ynskjer det: ved det same nattverdsbordet. Viss alle høyrer like mykje til så burde alle føle seg like mykje velkomen, men i dag er det ikkje slik, seier Hjertenæs.
Åpen folkekirke vil at Den norske kyrkja skal vere ei opa og inkluderande kyrkje for alle som ynskjer å høyre til. Og at kyrkja skal vere demokratisk.
LES OGSÅ: Homofile prestar fryktar kyrkjevalet
– Framleis skal dåpen vere det einaste kriteriet for å vere medlem. Då må vi og ha valordningar som støttar det. Alle som er døypte skal ha lik innverknad på dei demokratiske prosessane i kyrkja. Det skal ikkje vere medlemsavgift eller oppmøtefrekvens som avgjer om du høyrer til eller ikkje.
Åpen folkekirke vil ha ei kyrkje som fremmar menneskeverd, arbeidar mot all diskriminering og som ser alle som likeverdige medlemmar uavhengig av kjønn, etnisitet, seksuell legning, alder og funksjonsevne.
– Ein naturleg konsekvens av dette er at vi ynskjer at kyrkja skal vie likekjønna ektepar, og at alle på lik linje skal få kome til kyrkja med sin kjærleik og be om Guds velsigning over sine liv og sitt samlivet.
LES OGSÅ: Tilbyr drop-in dåp
Det vert jobba for at kyrkja skal vere synleg, engasjert og tilgjengeleg i alle lokalsamfunn. Dei vil ha ei trusopplæring som femnar om alle, og at kyrkja er synleg i lokale samfunnsspørsmål som folk er opptekne av.
– Samstundes må kyrkja stå på dei fattige og naudlidande si side, og fremme eit globalt engasjement for rettferd-, klima- og miljøspørsmål.
Komande laurdag vil Åpen folkekirke ha stand saman med dei politiske partia, og 2.-kandidat Olav Myklebust gjestar Ørsta.
– Noverande Møre bispedøme har bestemt at berre fire av dei sju leke kandidatar skal veljast direkte. Dette betyr at dersom du fører opp tre namn frå den andre lista, slik du har høve til, på lista til Åpen folkekirke, så gir du faktisk tre av fire listestemmer til den andre lista. For dei som ynskjer å stemme på oss, oppmodar eg difor alle til å bruke Åpen folkekirke si liste utan å føre på kandidatar frå den andre lista, men gjerne kumulere namn på lista.
LES OGSÅ: Prestar truar staten med rettssak