Homofile prestar fryktar kyrkjevalet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Homofile prestar fryktar valet

17 prestar har sendt eit brev til biskopar som har opne lesbiske eller homofile prestar, der dei skriv at dei er urolege for at kyrkjevalet, der vigsel av homofile par er det store temaet, blir ei ekstra sterk påkjenning. Dei er også urolege for at ikkje kyrkja vil verne dei mot diskriminering og trakassering, melder NRK.

LES OGSÅ: Usamd i nei til homofile og sambuarar

«Tiden som kommer vil bli ekstra tøff for oss, når våre liv og vår tro igjen daglig vil bli redusert til en sak folk kan vere for eller mot», står det i brevet.

Preses Helga Haugland Byfuglien seier ho vil diskutere saka med alle biskopane, også med dei som ikkje vil tilsetje homofile.

– Det er svært alvorleg dersom medarbeidarar i kyrkja opplever at dei blir trakasserte på arbeidsplassen. Vi som arbeidsgjevar har eit ansvar for å gjere det vi kan for at det ikkje skal skje.

Dei to fagforeiningane til prestane, Presteforeninga og Teologene i Fagforbundet, ønskjer at Kyrkja skal opprette ei ressursgruppe på LHBT-spørsmål, slik at lesbiske, homofile, bifile og transpersoner kan fortelje om opplevingane sine med Kyrkja. (©NPK)

LES OGSÅ: Fleire besøkte utmeldingssida til kyrkja