Går til krig mot fleirtalet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me blir meir og meir einsretta

For Svein Inge Olsen var saknet etter 1970-talet med politiske polariseringar, ungdomsopprør og hippietid så sterkt at han for 15 år sidan var med på å starte Protestfestivalen i Kristiansand. I like mange år har festivalen provosert til høgre og til venstre i jakta etter røyster som protesterer mot etablerte sanningar.

LES OGSÅ: Det eg ikkje gjer

Festivalsjefen sjølv meiner det aldri har vore større behov for festivalen enn no.

Venstreradikal og kristenkonservativ suppe
– Me lever i ei tid der me har blitt meir og meir einsretta, det er meir og meir farleg å meine noko som er utanfor fleirtalet. Alle skal meine det samme som fleirtalet, og det er så massivt. Du kan ikkje gå i mot dei allmenngyldige meiningane, då er du intolerant og fordomsfull, fortel Olsen i Uten Filter.

Tidlegare fekk festivalen gjerne kritikk for å vere for venstreradikal, men dei siste åra har kritikken gått motsatt veg. No er kritikken at den er for dominert av kristenkonservative. Olsen meiner dette er eit teikn i tida – dei kristne er blitt opprørarane.

– No blir me kalla ei kristenkonservativ suppe. Nettopp fordi me har fulgt tida på kva som er upopulært. Konservative meiningar er blitt køyrd over. Du kan ikkje krenkje nokon, då vert du lynsja. Det fører til at stadig fleire meiningar vert feia under teppet.

LES OGSÅ: Ytringsfridom i praksis

Høyr intervjuet med festivalsjefen her.

Samstundes har det stadig blitt vanskelegare å få originale røyster til å delta på festivalen.

– Det finst ikkje originalar lenger, og det finst ikkje heltar lenger. Dei me hugsar frå barndomen som satte spor etter seg er vekke. Nokre av dei vart kanskje litt latterleggjort, men det synte heilskapen i mennesket. I dag har me eit samfunn der alle skal vere meir og meir like. Det er etter mitt syn ikkje berre meiningslaust, men også farleg.

Uroa over ungdomen
Den erfarne festivalgeneralen er særleg uroa over ungdomsgenerasjonen, der han opplever engasjementet som fråverande og einsrettinga som dominerande. Protestfestivalen har i fleire år jobba med å nå ut til ungdom i Kristiansand, utan å lukkast.

– Det er utruleg vanskeleg å finne eit engasjement frå dei unge. Eg synest dette er skremmende. Eg er jo bekymra for mine barn, når dei veks opp, for kor ille det vil bli då. Eg kan ikkje sjå at dette vil endre seg, men eg håpar det.

Protestfestivalen 2015 går av stabelen 13. til 19. september. På programmet står mellom anna namn som Bob Geldof, Sverre Diesen, Veronica Orderud, Erling Havnå, Kjell Magne Bondevik og Hanne Nabintu Herland.

LES OGSÅ: Ytringsfridom som relieff

Faktaboks

Framtida.no har byrja å samarbeida med podcasten Uten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.