15 000 lærlingar utan kontrakt

Nesten 40 prosent av dei som har søkt lærekontrakt i år, har fått godkjent søknadene sine. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men over 15.000 søkjarar står framleis utan kontrakt.

Nøyaktig 8.991 søknader mellom 1. januar og 1. september har vorte godkjende, ifølgje Utdanningsdirektoratet (Udir). Totalt kom det i perioden inn 24.444 søknader, noko som betyr at 37 prosent av dei vart godkjende.

LES OGSÅ: Krev garanti om lærlingplass

Talet på søknader auka med 850 frå i fjor, mens talet på godkjenningar auka med 400. Delen godkjende søknader er omtrent på same nivået i år som i fjor.

Rogaland og Hordaland er fylka med flest søkjarar, mens færrast søkjer læreplass i Sogn og Fjordane, Aust-Agder og Finnmark.

LES OGSÅ: Ungdom utan læreplass får svi