Ungdom utan læreplass får svi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ufatteleg kjedeleg

18-åringen frå Litlabø har søkt ti verksemder for å få læreplass, men utan hell.

Les saka i Sunnhordland!

Ho har to år bak seg ved Bømlo vidaregåande skule på linjene service og samferdsle og sal, service og tryggleik.

 – No var eg veldig klar for læreplass innan kontor og administrasjon. Eg har alltid likt å hjelpa folk og yta service, og det er innan kontor og administrasjon eg aller helst vil få meg arbeid, seier ho, der ho sit heime i stova i Hillarhaugen.

LES OGSÅ: Krev garanti om lærlingplass

– Eg har søkt og fått nei frå mellom andre Fitjar Kraftlag, Stord og Bømlo kommune og HSH. Alle svarar at dei har teke inn lærlingar tidlegare, men ikkje no.

– Ufatteleg kjedeleg
18-åringen bur heime saman med andre i familien, noko anna hadde ho ikkje hatt råd til, seier ho og legg til at kvardagen ikkje er så kjekk.

 – Det er ufatteleg kjedeleg. Eg blir så rastlaus, for eg vil jo helst vera i aktivitet med noko meiningsfullt. Eg lagar middag til familien og ser ein del på TV. Eg har ingen spesiell hobby som eg brukar tida på, men går litt på tur og var oppom Kattnakken ein dag. Dessutan er eg ringevikar for Sporttreff, der eg av og til er i resepsjonen.

LES OGSÅ: Vil merka lærlingbedrifter

Vil ikkje flytta
Maria Totland har faktisk fått telefonar frå verksemder i både Odda og Bergen, som tilbyr lærlingplass. Det gjeld til dømes Tryg Forsikring og Jernia.

 – Men eg har ikkje råd til å bu der. Dessutan trivst eg godt på Stord og er redd det ville bli einsamt å bu i Odda eller Bergen.

 LES MEIR: Regjeringa vil ha fleire lærlingar

 Gjev ikkje opp
– Har du gjeve opp å få læreplass no i haust?

 – Nei, eg gjev ikkje opp. Eg ventar faktisk på svar frå eit offentleg kontor i ein av sunnhordlandskommunane, og har eit håp om ja derifrå. Eg var innom Fagopplæringskontoret ein dag, og dei rådde meg til å heller prøva å få læreplass innan service (butikk). Det kan bli aktuelt dersom eg ikkje lukkast innan kontor og administrasjon, seier Maria Totland, som aller helst vil ha læreplass som samsvarar med utdanninga ho har satsa på.

– Eg synst fleire verksemder burde ha teke inn lærlingar, for me er jo veldig mange som no blir stansa i utdanninga vår. Og det kjem jo tider der det er bruk for oss i arbeidslivet.

LES OGSÅ: Risikerer fråfall og varig arbeidsløyse

Fitjar kommune har lærlingar innan helse, barne- og ungdomsarbeid og IKT, men ikkje innan kontor og administrasjon.

– På Rådhuset er me ikkje så mange på kvar funksjon, så her blir det vanskeleg å kunna ta inn lærlingar og følgja opp godt nok, seier personalsjef Andreas Moe Larsen.

– Så det er heilt uaktuelt at de kan ta inn lærling no i haust?

– Ja, no blir det ikkje aktuelt før tidlegast neste haust.

Sunnhordland Kraftlag har lærlingar som vil bli energimontørar og industrimekanikarar, men heller ikkje dei har læreplass for kontor og administrasjon.

– Nei, det har me ikkje diskutert eller vurdert, seier Silje Rullestad, som er den i SKL-leiinga som har med lærlingeinntak å gjera.

– Her trur eg me stort sett har tilsette på høgare utdanningsnivå og svært få i støttefunksjonar.

Stord kommune har no 20 lærlingar i tre ulike fag. Dei har hatt fleire lærlingar i kontor og administrasjonsfaget, men no er det to år sidan dei to siste var ferdig utdanna fagarbeidarar.

– Me er framleis godkjend læreverksemd for dette faget, men det er nok to årsaker til at me ikkje tek inn lærlingar no, seier Siv Nesse, som er ansvarleg for lærlingar i Stord kommune.

– Eine årsaka er budsjettet me har til disposisjon, og den andre er at me no har stort fokus på helsearbeidarfaget, og det er til det faget me tek inn flest lærlingar.

– Meiner du kontor- og administrasjonsfaget er heilt på veg ut?

– Nei, eg håpar me kan ta inn lærlingar i kontorfaget på eit seinare tidspunkt, seier Siv Nesse.

LES OGSÅ: Maritime lærlingar i kø på land