– Klimaendringane bra for samfunnet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Konsekvensane av klimaendringane er at vi må få eit grønt lokalsamfunn. Vi må ha nye arbeidsplassar, grønare transport og vi må energieffektivisere. Alle desse endringane er bra.

Vebjørn Halvfjerdvik er 2. kandidat for Vindafjord Venstre. Han ser fram til dei store omleggingane lokalsamfunnet står overfor i møte med klimaendringane.

LES OGSÅ: Klimaforskaren som ikkje flyr

Langdryge og kjappe løysingar
Halvfjerdvik meiner det vil vere naudsynt med både langsiktige og kjappe løysingar for å avgrense klimaendringane.

– Den grøne omstillinga i arbeidslivet og i samfunnet elles vil vere seig og ta tid. I mellomtida må vi også ha løysingar som er kjappare å setje i gong, som eit kollektivtilbod for alle i Vindafjord.

Politikaren trur ikkje det er mogleg med eit busstilbod som når alle der dei bur. Han ser heller føre seg at eit tilbod med timesbuss langs hovuddåra i regionen, Haugesund-Ølen, slik at folk kan køyre til åra og deretter ta buss, vil vere effektivt.

For å få folk til å velje bussen framføre bilen, må billettprisane ned, meiner han. Og ikkje minst må ungdomskorta i fylket verte billegare.

– Dei små endringane vil ha mykje å seie. Eg trur marknaden kan ordne opp, dersom styresmaktene legg til rette. Om du kan energieffektivisere huset ditt og skrive det av på skatten er det større sjanse for at du gjer det. I tillegg skapar det gode ringverknader, som at fagfolk får grøne jobbar og at du bur betre.

LES OGSÅ:  – Dårleg debattklima om klima

Sørgjer ikkje for olja
Ifølgje Framtida.no sin informasjonsressurs fram mot valet, Lokalvalet 2015, er Rogaland verstingfylket når det kjem til utslepp av metan. Vestlandsfylket slepp ut mest metangass i landet, og nest mest CO2 etter Hordaland.

Utsleppa kjem i stor grad frå olje- og gassproduksjon, i tillegg til jordbruk, energibruk, vegtrafikk og avfallsdeponigass.

Halvfjerdvik meiner ein kan kutte nokre av desse utsleppa, men ikkje alle.

– Ein del av utsleppa i Rogaland kjem av landbruket, og eg meiner dei er vanskelege å gjere noko med. Ein kan argumentere for og imot norsk kjøtproduksjon, men landbruket kan vi ikkje leggje ned. Den andre delen av utsleppa handlar om politisk vilje, seier politikaren.

Han meiner satsinga på kollektivtilbodet har vore mangelfull i regionen.

– Når det gjeld oljesektoren, så vil den etter kvart verte mindre. Så kan vi velje om vi vil slåss imot, eller vere optimistiske og investere i framtida.

Faktaboks

Fram mot lokalvalet vil Framtida.no skriva om det grøne skiftet frå oljealderen til eit berekraftig samfunn. I møte med desse spørsmåla bør alle ha ei røyst. Difor treng me også synspunkta dine om kva løysingar som kan finnast i det grøne skiftet. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.


For innspel: Ta kontakt på tips@framtida.no