Kadir takkar fosterforeldra

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Takkar fosterforeldra

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

Nils Erik Røyrvik er rådgjevar i fosterheimstenesta i Haugesund. Han heldt foredrag for dei frammøtte på Tysnes.

– Ein fosterheim er ein ordinær familie som skal ta i vare born til foreldre som ikkje kan ivareta borna sine sjølv, opplyste han, og la til at fosterforeldre får utbetalt fosterheimsgodtgjersle for å ta på seg dette ansvaret.

Alderen på fosterborna kan vera frå nyfødd og opp til 18 år.

LES OGSÅ: Levde med dobbelt sett foreldre

Stort behov
– Behovet for fosterheim er veldig stort. Ein skal gje borna omsorg og oppfølging så lenge foreldra ikkje er i stand til å ivareta dei, sa Røyrvik, og peika på at det dermed varierer kor lenge det vert naudsynt for fosterborna å bli verande i fosterheimen.

– Fosterheimen si rolle er å vera der så lenge barnet treng det.

Det vert likevel ikkje alltid aktuelt å flytta borna tilbake til foreldra, sidan tilknytinga kan verta sterkare til fosterheimen enn til foreldra.

– For dei aller minste er det også slik at dei knyter seg veldig raskt til fosterforeldra.

Erfaringsmessig vert fosterforeldra sitt engasjement livslangt. Dette skuldast dei omfattande problema til borna sine foreldre, stort sett med rus og psykiatri.

LES OGSÅ: Ordførarkandidaten opnar heimen for flyktningar

Engasjert ambassadør
Ordførar Kjetil Hestad har vorte utnemnd som ambassadør for rekruttering av fosterheimar i kommunen, og delte sine eigne tankar rundt emnet.

– Det er slik at også i den kommunen me bur i, er det behov for fosterheimar. Det gjer eit sterkt inntrykk på oss alle saman som menneske når me høyrer kva utfordringar mange unge har. Det å løfta ei ung sjel inn i ein setting der ungar får lov til å vera ungar, og der dei får lov til å veksa opp i ei god ramme med trygge fosterforeldre, er med på å skapa gode innbyggjarar, sa ambassadøren, og heldt fram med at heimen var ein kritisk suksessfaktor for ungdom.

– Heimen dannar grunnlaget.

Hestad har tidlegare sagt at han ser på det å vera fosterheim som eit samfunnsoppdrag, og gjentok denne bodskapen på informasjonsmøtet i rådhuset.

– Eg vonar verkeleg at me i kveld har starta ein aksjon i Tysnes der me alle skal vera ambassadørar. Det handlar ikkje om oss, men om nokon andre som har behov for oss. Dette tenkjer eg at er eit samfunnsoppdrag som me må ta inn over oss.

LES OGSÅ: Minoritetsborn vert fornorska i fosterheimar

Angrar ikkje
Røyrvik opplyste at dei fleste som vert fosterforeldre ikkje angrar på at dei tok dette valet.

– Det er gjort undersøkingar med fosterforeldre både i 2010 og 2013, og over 80 prosent anbefaler andre å bli fosterheim.

Røyrvik har jobba med fosterforeldre og barnevern i mange år, og fortel at han har sett mange døme på familiar som tykkjer det er svært gjevande å vera fosterheim.

– Det eg ser gjennom jobben min er at born frå fosterheimar kjem mange år seinare og seier at også dei ynskjer å verta fosterforeldre. Dei vil gjera det same som foreldra sine. Eg tykkjer det er svært flott.

LES OGSÅ: Hundre fagfolk med bekymringsmelding om barnevernet

Tidlegare fosterbarn
Seinare på møtet delte Astrid Dale og det tidlegare fosterbarnet hennar Azwan Kadir deira røynsler.

18 år gamle Kadir flytta inn hos familien til Dale på Stord då han var tolv år. Her kjente han seg ikkje heime i starten.

– Eg var veldig sjenert. Eg våga ikkje opna kjøleskapet eingong, fortalde han.

Dette kom han raskt over, noko han forklarte med tida han var saman med fosterfamilien.

– Me prata saman, såg på TV i lag og var ute i lag. Me hadde det gøy, rett og slett.

Kadir har no flytta tilbake til mora, men takkar fosterforeldra for at han har klart seg så bra. Etter å ha utdanna seg, ynskjer han å jobba med menneske i form av å vera til dømes sjukepleiar eller lærar.

LES OGSÅ: Vil hjelpa andre som vernepleiar


– Veldig informativt
Øystein og Jannike Dalland var to av dei engasjerte frammøtte. Dei fortalde at dei fekk mykje ut av møtet.

– Det har vore eit veldig informativt møte. Det kunne godt ha vore fleire her, seier dei nye ambassadørane.

Røyrvik er likevel ikkje misnøgd med oppmøtet.

– Det er alltid spennande kor mange som kjem, men oppmøta kan variera frå ingen til tjue. Får me ein eller to heimar ut av dette, er me kjempenøgde. Vonleg har me også sådd ei spire slik at nokon tek kontakt i framtida.