Stein Torleif Bjella diggar musikkvideoane amatøranimatør Anders Godø Hesbøl har laga til musikken hans. Sjekk dei ut du òg!

Andrea Rygg Nøttveit

«Sjå den suverent flotte nye animasjonen frå Anders Godø Hesbøl. No er det «Øvre-Ål Resort» som får gjennomgå. Eg er blodfan!» skriv Stein Torleif Bjella på si Facebook-side.

LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon

Bak videoen står ein 37 år gamal lege frå Kongsvinger, som denne hausten har bytta legefrakken mot animasjonsstudier på Høgskulen i Volda.

I fleire år har han laga eit stop-motion-univers av rare figurar på Youtube. Der finn ein både den småsvarte serien «Roadkill» og dei populære Bjella-musikkvideoane.

Han har òg laga videoar til musikk av Roy Lønhøiden og Maria Due, men bygderomantikaren frå Ål har vore ein ekstra stor inspirasjon for Hesbøl.    

– Det første albumet til Stein Torleif traff meg midt i mellomgolvet. Så då vakna kunstdraumen igjen. Har ein moglegheita til å verkeleggjere draumar, så må ein jo det, sa animatøren til NRK i sommar.

Sjå Bjella filmane her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

ANNONSE