Kleiva fekk Diktardagarprisen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag kveld vart Diktardagarprisen 2015 tildelt Anna Kleiva (30) frå Vinstra.

LES OGSÅ: Vårar ras og rånarar

Diktardagarprisen vart første gong delt ut under fjorårets Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå. Prisen er på 5.000 kroner og går til eit lovande lokalt eller regionalt talent.

Juryen dreg fram at årets vinnar allereie har hausta mange lovord for forfattarskapet sitt. Kleiva er omtala som ein av dei mest lovande norske forfattarane. Det er knytt betydelege forventningar til poeten, som allereie har utmerkt seg med dei to første diktsamlingane sine.

Anna Kleiva debuterte i 2011 med diktsamlinga «Ti liknande versjonar». I fjor kom diktsamlinga «Vårar seinare», som vart løna med Natt & Dags Oslopris for Årets Bok 2014. Tidlegare i år vart Kleiva tildelt Bjørnsonstipendet for 2015 under Bjørnsonfestivalen i Molde.

LES OGSÅ: «Haugtussa» opna Diktardagar 

30-åringen har studert litteraturviteskap, gått på Forfattarstudiet i Bø og vore student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Kleiva har skrive for både Norsk Tidend og Norsk Barneblad. 

Ho har òg omsett kultpoet Ariana Reines Coeur de Lion, som kom ut på Samlaget i vår. 

Faktaboks

Diktardagar er eit samarbeid mellom Knut Hamsun-laget i Lom, Tor Jonssonlaget og Stiftinga Solrenning, Skjåk Historielag og Mållaget Ivar Kleiven i Våga. 

Årets Diktardagar i Lom, Skjåk og Våga gjekk av stabelen 4.-6. september og hadde tema «Diktet blir til vise – frå tekst til tone», med «Ytringsfridomen under press» som undertittel.

Diktardagarprisen 2014 gjekk til Gyrid Axe Øvsteng.