Stortingspolitikar i livsviktig kamp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjempar mot kreften

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland. 

Forrige tirsdag vart Torill Eidsheim (H) operert i venstre brystet, og den travle stortingspolitikaren har måtta ta time out frå både valkamp og hektiske reisedagar.

På ferie i Italia fekk ho antibiotika for ein infeksjon, med beskjed om å sjekka dette nærare då ho kom heim.

– Det har gått så utruleg fort. Eg var til samtale på Haukeland fredagen og fekk tilbod om operasjon allereie påfølgjande tirsdag, seier ho. Etter ein god samtale blei det beslutta å utsetja det ei veke, noko som gav litt meir tid, både reint praktisk, men og for å innstilla seg sjølv omgivelsane på det som skulle skje.

No er ho inne i ein vente-fase på 3-4 veker.

– Eg har fått konstatert forløp til kreft, og først etter analysane får eg vita om eg slepp unna med operasjonen eller må ha vidare behandling, seier ho.

LES OGSÅ: Miljeteig har fått kreft – trekkjer seg frå valkampen 

– Å vera sjukemeldt så lenge er ei veldig annleis oppleving. Eg tenkjer alt frå at eg kunne vore i fullt virke til at eg ikkje orkar, seier ho og legg til at ho kjenner seg godt ivaretatt sjølv om ho ikkje ligg på sjukehus.

– Hugsar du kva tankar som gjekk gjennom hovudet då du fekk beskjeden?

– Min første tanke var: Er dette verkeleg nødvendig? Så synk K-ordet inn, assosiert med tap av moglegheiter. Kanskje går det heilt feil veg, eg veit at det kan gå alle vegar, har ingen garanti. Så kjem tanken; kvifor akkurat meg, før eg kjapt skjønar at det er så utruleg mange som blir ramma. Her er mange ups and downs. Men heile tida har eg håp og forventning om at ting fort kan gå bra. Slik seier folk rundt meg at eg alltid tenkjer.

Same tirsdagen som ho vart operert, posta ho eit innlegg på facebook der ho var open rundt det som skulle skje.

– Eg valde å gå ut, først av reint praktiske grunnar, for eg er kanskje ikkje ein veldig open person. Samtidig veit eg at det er så utruleg mange kvinner som går gjennom det same, og det burde ikkje vera vanskelegare å snakka om eit bryst enn eit kne, seier ho.

LES OGSÅ: Syklar Noreg rundt for kreftsjuke born 

– Hadde du vore like open om det ikkje var valkamp?

– Det trur eg. Fire veker opplevest for meg lenge å vera sjukemeldt, eg synest det er leit å ikkje kunne bidra og har dårleg samvet for alle avtalar som eg har måtta avlysa. Eg hadde ein tettpakka kalender med masse forventningar i forhold til det vervet eg har, valkamp eller ikkje.

Som medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen er Torill vant til mange reisedøgn og travle dagar. Frå mars til august i år har ho vore innom alle fylka, minus Finmark og Aust Agder.

– Mine næraste seier at eg alltid er på reise, seier ho og legg lattermildt til at ho faktisk har fått senebetennelse i høgre armen etter all koffert-beringa.

Høgre-kvinna legg ikkje skjul på at ho trivst godt som stortingspolitikar.

– Det er ein veldig annleis måte å jobba på, ein er veldig sjølvstendig og det er opp til kvar enkelt kva ein vil engasjera seg i og jobba med, ut over det faste komite-arbeidet.

Torill er klar på at ho er på Stortinget for Nordhordland. Ein region ho kjenner godt og er stolt av.

– Dette er «mulighetenes region», tenk berre på kva som har skjedd sidan eg vart født i 1970. Vi kan vera lukkelege for at vi fekk etablert industristaden Mongstad, at nokon jobba iherdig for at vår region skulle få uante moglegheiter i framtida. Samtidig er regionen vår blitt svært avhengig av olje og gassindustrien. Kommunane har ei utfordring i å vera attraktive for å tiltrekka seg nytt næringsliv, samtidig skorar vi i Nordhordland faktisk lavt på kompetanse, og vi treng eit breidare spekter av utdanning hjå ungdomane våre, seier ho.

LES OGSÅ: Norsk musikkvideo vann europeisk prestisjepris 

Utan at vi har tenkt å sleppa politikaren heilt fri, vil vi gjerne veta kva ho tenkjer om kommunesamanaslåing.

– Eg er for at ein skal tenkja mest mogleg samarbeid på ein best mogleg måte. Det trur eg ikkje Nordhordland gjer i dag dessverre, seier Torill. Og legg til at ho ikkje har tru på ein storkommune der alle er med, men kommunane sjølve må vera aktive for å påverka prosessen.

For to månadar sidan gifta Torill seg med Sigurd Hille, også han politikar på Stortinget, for Høgre i Bergen.

– Vi hadde eit fantastisk bryllaup. For oss var det viktig og riktig å dela gleda med mange som betyr mykje for oss, seier ho. Etter to veker og 4000 km på vegar i Europa vart det to veker heilt i ro på hytta i Øygarden.

– Det er to år sidan sist eg var i ro så lenge. Ein vert rotlaus som stortingspolitikar, seier ho og legg til at ho finn kvile i fysisk arbeid, men høyrer også til dei som sovnar straks ho set seg ned i flysetet.

Ekteparet er travle politikarar i kvar sin komite. Dei kjenner på utfordringa det er å driva med det same, og er slettes ikkje einige i alle saker.

– Kvar sitt krypinn i Oslo og kvar sin heim; min i Meland og hans i Bergen, er òg utfordrande. Men vi har det veldig fint når vi er saman. Og politikarar skal vi ikkje vera for resten av livet, seier Torill som er utruleg takknemleg for at ho fekk sjansen.

– Kanskje eg seier ja til ein periode til om eg får tillit, seier ho og legg til at ho ikkje er typen som brukar mykje tid på å tenka langt fram.

– Eg er veldig i nuet, og brukar all min energi her og no. Også i sjukdomen er eg veldig konsentrert om det eg skal gjennom. Litt meir langsiktig surrar tanken om dei rundt meg, men eg kan ikkje bruka mykje energi på noko som kanskje ikkje kjem, seier ho og legg ikkje skjul på at ho synest det er rimeleg spesielt at ho som likar å ha kontroll, heilt er prisgitt andre.

– Eg føler meg inn i mellom som ein papirbåt på ei elv. Det er definitivt ikkje eg som har kontrollen, her må eg berre lytta og følgja dei råd eg får, definitivt ikkje tid for å komma med kreative løysingar sjølve, seier ho. Og legg til at ho ikkje har tru på at ein kan detaljplanleggja verken liv eller karriere.

– I livets berg og dalbane kan vi ta val og påverka, men det er alltid mange ytre faktorar som vil styra valgmoglegheitene. Det gjeld berr å gripa dei moglegheitene ein ser oppstår, seier ho.

Den openhjartige kvinna er òg opptatt av å få formidla at kreft er noko som kan ramma alle, og ikkje eit resultat av at ein ikkje har tatt godt nok vare på helsa si.

– Sjukehusdirektør Steiner Kvinsland sa ein gong at «Gud glemte å legge inn et tydelig forvarsel for kreft». For du føler deg ikkje nødvendigvis sjuk og tanken på at det ikkje skal bli oppdaga tidleg nok er skremmande, seier Torill Eidsheim.