Vil ha grønt samarbeid i Eid og Ulstein

No vil dei ha meir enn berre fjordvarme.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha meir enn fjordvarme

Saka var først publisert Porten.no.

Kommunane Eid og Ulstein har i fleire år samarbeidd om eit fornybart energiprosjekt basert på fjordvarme, i regi av verksemder på Nordfjordeid.

LES OGSÅ: Eid vil «klimavaske» sparepengane

No ønskjer dei to venstrepolitikarane Pål Grødahl, Ulstein Venstre sin ordførarkandidat, og Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, at miljøsamarbeidet må førast vidare og styrkast til fleire fornybare energikjelder og fleire tiltak for miljøet i kommunane.

– Slik kan vi i lag gjere noko som er særs bra for miljøet, samstundes som vi ved ei slik satsing sparer pengar for kommunen, byggjer næringsliv og bedrifter, skaper arbeidsplassar og stoltheit lokalt, seier Bjørlo og Grødahl.  

Grødahl og Bjørlo ser for seg at kommunane Eid og Ulstein saman kan få ein stødigare grunn for økonomisk støtte for miljøforbetrande tiltak i kommunane

– Dette gjeld innan energisparing, energifanging med solenergi, solfangarar og vind, eller med elbilar, elbussar og elbåtar. På same tid kan ei slik satsing kome næringslivet i kommunane til gode og gje bedriftene innan området moglegheit til å kome fram med nye produkt og skape grøn vekst, trur dei to.

LES OGSÅ:Vil ha klimarekneskap i kommunane

Alfred Bjørlo og Pål Grødahl vil gjerne by inn nabokommunane til å verte med på ei slik satsing.

– Runde miljøsenter i Herøy og Jets på Hareid er bedrifter med kompetanse som kan bidra til ei slik utvikling av teknologi og næring. Alle er velkomne til ein dugnad for det grøne skiftet og for grøn vekst, seier Bjørlo og Grødahl.