Fann mystiske teikn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Sunnhordland.

Thomas Sverre Karlsen fann i helga noko som liknar på runer i Gjersvik. Karlsen har hytte inst i Gjersvik, og fann dei mystiske teikna i berget i nærleiken av hytta, medan han rydda ei grøft.

LES OGSÅ: Fann 560.000 år gamal tann

– Eg veit ikkje kva det kan vera, men det liknar jo litt på runer, seier han. Han vonar å finna ut korleis dei mystiska teikna vart til.

Lokalhistorikar Knut Rage skriv i ein e-post til bladet Tysnes at han ikkje trur det er runer det er snakk om.

– At det skulle dukka opp runeteikn i ein stein på Tysnes etter at alle fornminne er endevendt dei siste 100 åra, ville vel vore nokså sensasjonelt. Eg trur at dette er av relativt ny dato.

LES OGSÅ: Fann regnskog på Bømlo

Han legg til at det einaste som kan sjå ut som ein rune er teikn nummer tre frå venstre, som kan tolkast som runen for «d», men at det sannsynlegvis ikkje er det.

– Rissinga ser fersk ut, og minner om «jukse-runesteinane» som er funne i USA. Tradisjonelle runeteikn er det iallfall ikkje. Rissinga er fersk, eller det er naturen som har spelt finnaren eit puss, konkluderer Rage.