Kommunevalet kan vere avgjerande for klimamål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunevalet viktig for klima

 – Kommunane er svært viktige for at vi skal nå klimamåla våre, seier kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner (H), når Framtida.no spør kva rolle kommunane har for å nå klimamåla Noreg har sett seg.

Ministeren nemner energibruk, arealforvalting og tilretteleggjing for effektiv transport som saker der kommunane har ansvar som påverkar dei norske utsleppa.

– Dei siste som kan påverke klimamåla
I går møttast politikarane Ola Elvestuen (V), Heikki Holmås (SV), Marit Arnstad (SP) og Rasmus Hansson (MDG) til debatt om kva som må til for å få klimakutt i kommunane.

KS arrangerte frukosmøtet, der bakteppet var ein hastebodskap frå direktør for interessepolitikk, Helge Eide:

– Dei nye kommunestyra og fylkestinga som vert valt i år vil vere dei siste som kan påverke om vi når klimamåla for 2020, som Noreg har meldt inn til FN.

LES OGSÅ: – Klimaendringar – kva betyr det?

Eide la ifølgje KS sine nettsider vekt på at vi er avhengige av avgjersler teke i kommunane for å nå sentrale mål om klima og miljø, samstundes som kommunane er avhengige av statlege styresmakter for å kunne bidra.

– Målet vårt er null utslepp, og då må vi byrje med folk. Staten har vore ei sinke til å utnytte engasjementet som allereie finst i kommunane, sa Heikki Holmås frå SV.

LES OGSÅ: – Grøn ungdom sin politikk vil føre til eit krakk

– Det er mange døme på stor vilje i kommunane, og det er vår jobb å sørgje for eit lovverk som ikkje er til hinder, sa Ola Elvestuen (V).

Vil stogge kjøpesentertrend
Ramus Hansson frå MDG tok hardare i:

– Det er sjokkerande korleis om lag alle småbyar i Noreg har klart det same: Å fylle på med vegar og kjøpesentre utanfor sentrum, sa han.

Marit Arnstad frå Sp støtta Hansson i at staten må setje ein stopper for trenden med store kjøpesentre utanfor bykjerna, skriv KS.

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima