Elevar fekk ikkje nok køyretimar. Statens vegvesen meiner regelbrota er så alvorlege at ein trafikkskule i Sauda mistar autorisasjonen i eit halvt år.

Frank Waal, Ryfylke.net
Frank Waal, Ryfylke.net

Saka var først publisert i Ryfylke.net.

Statens vegvesen gjennomførte før nyttår eit tilsyn ved Jarle Lien Trafikkskole i Sauda. Ifølge Vegvesenet blei tilsynet gjennomført fordi elevar som møtte opp for å ta teoriprøve for «mopedlappen», viste seg å ikkje vere registrerte etter at dei hadde gjennomført praktisk opplæring.

LES OGSÅ: – Trafikk bør bli eige fag i skulen

Under tilsynet av Jarle Lien Trafikkskole blei det avdekka at elevfortegnelsar og opplæringskort mangla. Ifølge Vegvesenet oppga Lien at han hadde rota vekk dette eller brent dette på bål da han flytta trafikkskulen frå Sauda til Suldal.

Vegvesenet ringte da rundt til tidlegare elevar for å spørre kva opplæring dei hadde hatt ved trafikkskulen. Ifølge Vegvesenet oppgav fleire elevar som hadde tatt «mopedlappen», kalt AM146, at dei hadde hatt 4-5 kjøretimar. Kravet til opplæring er minst 14 timar. Det er spesielt i eit avgrensa område rundt Sand med omegn opplæringa har blitt gjennomført med alt for lite omfang.

Vegevesenet meiner også at Lien har brukt defekt to-vegs kommunikasjon under kjøreopplæringa slik at kun ein av tre elevar hadde mulegheit for radiokommunikasjon med trafikklæraren.

Også fagleg leiar til Jarle Lien Trafikkskole fekk reaksjon frå Statens vegvesen.

Lien har påklagd vedtaket.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE