Dokumenterer norsk punkhistorie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Punkarane byrjar å bli gamle og sentrale aktørar byrjar å døy. Dei må dokumenterast no. Dette er ei dokumentering av noko som påverka det norske samfunnet meir enn vi trur, ikkje berre musikalsk, seier Robsahm.

For punken gav ei sjølvtillit og ei tru på at alt var mogleg. Sjølv hevdar han at punken endra livet hans fullstendig.

– Eg hadde ikkje turt å lage film utan punken, han gav meg sjølvtillit, seier Robsahm som i dag har ein lang filmkarriere bak seg og no er aktuell som «Louder Than Bombs»-produsent.

LES OGSÅ: Ein vellukka pøbel

Rom for alt rart
Tysdag var Robsahm å finne blant dokumentarfilmskaparane som presenterte kva sjåarane har i vente i haust på ymse plattformer, frå fjernsyn til nett.

«Punx» skal visast som fire delars serie på NRK 2 frå 18. november. Til NTB røper Robsahm at det også blir laga ein filmversjon og ein kortare festivalversjon. Og naturlegvis også ei plate: Ei dobbel vinylutgjeving med 32 punklåtar frå starten og heilt til no. Iallfall det Robsahm meiner er starten. Som er 1979 og samleplata «7.000 Riff», produsert av Åge Aleksandersen, med Johnny Yehns låt «Gjør det sjæl».

– Det er så mange meiningar om punken framleis i dag, at eg vil trenge politibeskytting etter premieren, spøker regissøren og musikaren som i «Punx» byr på nær 50 intervjuobjekt.

Ikkje berre frå punkeverda, men også frå alt punken opna opp for – som new wave, hardcore, postpunk. Ja, sjølv Lars Lillo-Stenberg.

– Punken gav moglegheit for alt som var rart, og deLillos var rart. Men at unge kan leve av punk i dag – som Edvard Valberg i Honningbarna, som kunne vore sonen min – det hadde eg aldri trudd den gongen.

LES OGSÅ: – Viktig å ikkje gløyme dei yngre

Nesbø og Knaus også
Robsahm ramsar opp intervjuobjekta sine: Sverre Knudsen (The Aller Værste), Jøran Rudi (Kjøtt), Andrej Nebb, Kjartan Kristiansen, Petter Pogo, Harald Fossberg, Betty Stjernen (Norske Budeier), Stein Groven, Steinar Vikan, Marie Amdam (Razika), Edvard Valberg (Honningbarna), Pia Myrvold, Hege Duckert, Thomas Seltzer og to forfattarnamn som er ein smule uventa akkurat som Lars Lillo-Stenberg i denne settinga.

– Jo Nesbø og Karl Ove Knausgård er med og seier noko om kva punken betydde for dei. Nesbø var aldri punkar, men er stor Jokke-fan, seier Thomas Robsahm.

– Eg gjorde 50 omfattande intervju, og vurderer å gjere dei tilgjengelege i uredigert form for musikkhistorikarane, seier Robsahm, som fann NRK-opptak frå gode, gamle punkdagar av både De Press, The Aller Værste, Kjøtt og ei rekke Blitz-konsertar.

LES OGSÅ: – Me har framleis ein lang veg å gå

Faktaboks

Dokumentarfilmar i vente

«Voldtatt» av regissør Linda Steinhoff, som tar for seg både si eiga erfaring med valdtekt og andres, vert vist på NRK i haust.

«Idas dagbok» av regissør August B. Hanssen, der Ida følgjer sitt eige psykiske sjukdomsbilete med kamera, premiere på NRK 8. oktober.

«Arven» av regissør Charlotte Thiis-Evensen, som er avskjedsråd frå ein døyande far til sin unge son så vel som ein film om farsforhold, vert vist på Aftenposten TV i haust.

«The Visit» av regissør Michael Madsen, om korleis vi førebur oss på besøk frå verdsrommet også i FN-regi, vert vist i haust på Aftenposten TV.

«Einars forsvinningsnummer» av regissør Elsa Kvamme, om psykologen som fekk kreft og svarte med å leggje ut på pilegrimsvandring, vert vist på NRK i haust.

«Ninas barn» av regissør Nina F. Gründfeld, om barneheimsbestyrerinna som redda hennar eigen far frå nazistane, vert sendt i oktober på NRK.

«Asylbarna» av regissørane Christer Fasmer og Ragnhild Sørheim, som følgjer opp fire 2014-utsende barn i «heimlanda», vert vist på VG-TV i haust.

«Maiko» av regissør Åse Svenheim Drivenes gir eit nærbilde av prima ballerina Maiko, klar for NRK i haust og vert også vist på Operaen 11. oktober

«Familiearven» av regissør Kristine Gausereide Jacobsen, om korleis familiehotellet er avhengig av at sonen finn kjærleiken, vert vist i haust på NRK

«Psykonauten» av regissør Jon Vatne gir fleinsopp eit ansikt, og er klar for Aftenposten TV i oktober.

«Uteligger» av regissør Aslak Danbolt, seks episodars serie på TV 2 frå 13. desember som følgjer Petter Nyquists liv på gata.

«The Crossing» av regissør Georg Kurian, om ei gruppe syriske flyktningar, på NRK 27. oktober.

«Punx» av regissør Thomas Robsahm, serie som vert vist på NRK frå 18. november. (©NPK)