Søv du lite?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit nytt eksperiment syner at folk som søv lite har mykje større risiko for å verte sjuke når dei vert utsatt for eit forkjølelsesvirus, skriv Forskning.no.

Forskarane bak eksperimentet tok utgangspunkt i 164 forsøkspersonar, som dei allereie hadde informasjon om faktorar som kan påverke helsa om, som stress, temperament, røykevaner og alkoholforbuk.

LES OGSÅ: Ikkje berre «flinke piker» som slit

Deltakarane sov med sensorar, som målte kor lenge og djupt dei sov. Deretter spraya forskarane ein dose forkjølelsesvirus opp i nasa på deltakarane, for å undersøke om søvnen hadde noko å seie for risikoen for dei vart sjuke.

Ifølgje Forskning.no synte analysen at dei deltakarane som sov mindre enn seks timar per natt veka før, hadde over fire gongar høgare risiko for å verte forkjøla, samanlikna med dei som sov over sju timar.

Forskarane bak studien meiner ein bør rekne søvn som ein like viktig del av folkehelsa som kosthald og mosjon. Forsøket gjev ikkje noko sikkert svar på om det er mogleg å førebyggje forkjølelsar med meir søvn.

LES OGSÅ: Livets harde universitet