Rasande på Frp-kampanje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Denne veka har Framstegspartiet i Kvinnherad hatt på trykk ein annonse både i Kvinnheringen og Grenda.

I annonsen til FrP er det bilde av ein giro stila til innbyggjarane i Kvinnherad, frå Arbeidarpartiet med samarbeidspartnarar. Rekninga er på nesten 13.000 kroner, og er basert på ein eigedomsskatt på sju promille.

Enstad og Håvik er ikkje nådige mot Ove Lemicka og Frp som står bak annonsen. Dei meiner dette tek valkampen ned på eit historisk lågmål.

– Ap har aldri føreslått og vil aldri føreslå ein eigedomsskatt på sju promille. Vi garanterer at vi står fast på to promille, som i dag, noko det og er brei tverrpolitisk semje om, slår Håvik og Enstad fast.

LES OGSÅ: ABC til vallokalet

Lågmål
Med dette har valkampen nådd eit lågmål, her har Frp sokke djupt, seier Hilde Enstad.

Lemicka og partiet hans må vera livredde for å fremja eigen politikk.

Enstad er òg overraska og overgitt over sparket frå Frp. Ho peiker på at dei to partia lenge samarbeidde og fekk noko til, sjølv om det var vanskeleg og samarbeidet til slutt tok slutt.

– At ein erfaren politikarar brukar slike metodar til å driva valkamp er overraskande og veldig trist, slår Enstad fast.

Ordførarkandidat Johnny Håvik er skuffa på vegner av innbyggjarane i Kvinnherad, som skal velja sine tillitsvalde inn i kommunestyret. Dei fortener å få folkevalde som kjem med korrekt informasjon.

Frp ved Ove Lemicka viser tydeleg at dei ikkje er ansvarlege nok til å vera tillitsvalde for innbyggjarane i Kvinnherad, seier Håvik.

LES OGSÅ: Feil i mange vallister

Dette er heilt kurant
Ove Lemicka tek seg ikkje på noko måte nær av kritikken frå Ap, og han vil på ingen måte ta sjølvkritikk med omsyn til annonsane.

– Ap seier no at dei ikkje vil auka eigedomsskatten. Men kvifor i all verda skal vi tru på det? Partiet har sagt tidlegare at ingen avtalar er hogne i stein. Dessutan har ikkje Ap fleirtal under noko omstende, difor kan ikkje Johnny Håvik gje nokre garantiar om eigedomskatten, den kan bli høgare, seier Lemicka.

Han er trygg på at Ap kjem til å auka eigedomsskatten igjen. Dei har alt auka skatten til sju promille for næring, skal vi då tru dei ikkje vil gjera det for bustader? spør Lemicka

Lemicka meiner og at dette er ein reinhårig og grei måte å driva valkamp på.

Noko samarbeid med Ap etter valet utelukkar Lemicka.

– Det har eg konkludert med for lenge sidan, seier Lemicka.