Regjeringa vil innføre mobbe-bøter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier til VG at han har blitt lei av å lese og høyre om barn og unge som blir mobba, som fortel om det, men som ikkje blir følgt opp.

LES OGSÅ: Kraftig mobbebot til Høyanger

– Vi treng å innføre bøter mot mobbing eller administrasjonsgebyr mot kommunar og andre skuleeigarar som ikkje følgjer opp, seier statsråden.

Han seier at det kan vere aktuelt at Fylkesmannen, Barneombodet eller Utdanningsdirektoratet skal kunne gi bøter.

– Det viktigaste er at dette er ein veldig tydeleg reaksjon mot mobbing og mot skuleeigarar som ikkje følgjer opp slik dei skal, seier Røe Isaksen.

Det nye tiltaket skal etter planen gjennomførast i 2016.

LES OGSÅ: Barneombodet kan få gje mobbebøter

Utdanningsministeren kjem med utspelet få dagar før eit nytt «Manifest mot mobbing» skal underskrivast. Manifestet skal bidra til at mobbing blir sett på den nasjonale dagsorden. Viktigast er det arbeidet som skjer lokalt, går det fram av nettsidene til regjeringa. (©NPK)