Vallistene i 45 kommunar inneheld feil om kor mange politikarar det er mogleg å slenge på frå andre parti. No blir kommunane bedt om å trykkje opp setlane på nytt.

NTB-Peter Tálos
NTB-Peter Tálos

Ved kommunestyreval er det mogleg å føre opp enkeltkandidatar frå andre lister og parti dersom ein likar ein person, men ikkje vil stemme på partiet til vedkommande. Det kallast «å slenge» inn enkeltpersonar, og kor mange det er mogleg å føye til utanom partilista, blir rekna ut lokalt. Talet skal vere ein firedel av det totale talet i kommunestyret, men alltid runda av nedover til næraste heile tal.

No er det avdekt at heile 45 kommunar av ukjente årsaker har ført opp feil tal på slengarar det er høve å føre opp på stemmesetlane.

LES OGSÅ: ABC til vallokalet

Kommunalt ansvar
– Det er kommunane sitt ansvar å rette opp desse feila, og vi har bedt dei om å gjere dette. Nye stemmesetlar er i ferd med å bli trykte opp dei aller fleste stadane, seier fagdirektør Siri Dolven i Kommunal- og moderniseringsdepartementet til NTB.

Ho seier det verkar tilfeldig kva for kommunar som har oppdaga feil i listene, dei 45 kommunane er spreidde over heile landet og det er heller ikkje noko alfabetisk rekkefølgje på namna.

– Talet på slengarar det er mogleg å legge til på vallistene varierer mellom kommunane og blir bestemt av kor mange som utgjer kommunestyret på kvar enkelt stad. I mange kommunar kan det sjå ut som om dei som har rekna, har runda av oppover og ikkje nedover når talet er kalkulert, seier Dolven.

LES OGSÅ: Feministisk Initiativ til val i Bergen og Oslo

13 vart 6
Fredrikstad kommune offentleggjorde onsdag at det ved ein feil er oppført at det berre er mogleg å føre opp seks slengarar under valet. Det rette talet er 13. No trykkjer kommunen opp nye stemmesetlar som skal brukast under valet. Kommunen opplyser veljarane om at det framleis er mogleg å bruke dei gamle setlane og føre opp fleire namn enn kva det er sett av plass til.

– Fredrikstad kommune gjer merksam på at stemmer gitt på dei feiltrykte setlane, er fullt ut gyldige på lik linje med stemmer på nye stemmesetlar, skriv kommunikasjons- og servicesjef Ingrid Trømborg i kommunen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03
ANNONSE