Vil ha snuoperasjon i tekstilbransjen

Norske strikkegenserar vert stort sett produserte utanlands, som Kina eller Baltikum. No forskast det på korleis ein kan sikre kvaliteten på norsk ull slik at vi på sikt kan utnytte vår eigen ull.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Norsk Institutt for Bioøkonomi(NIBIO).

Å bruke lokalprodusert mat har lenge vore in. I tekstilmarknaden har det så langt vore liten bevegelse i ei slik retning.

No har onshoring, som er etablering av tekstilnæring i eige land, tatt seg opp i mellom anna USA og Storbritannia. Internasjonalt er slow fashion – kortreiste klesplagg av god kvalitet – ein aukande trend. Men i Noreg ligg vi framleis langt bak på dette området.

Forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) arbeier no med å sikre kvaliteten på norsk ull mellom anna ved å fremje kunnskap om variasjon i ullkvalitet og gjennom avlstiltak. Arbeidet er ein del av det tverrfaglege prosjektet Krus, som har som mål å få fram kvaliteten i norsk ull og betre marknaden, marknadsføringa og verdien av norskprodusert ull. 

LES OGSÅ: – Skal sauehaldet gå frå gull til gråstein?

Betalingsvilja er der
– Noreg har råvarer i verdsklasse og ein tekstilindustri med stort potensiale, meiner Tone Skårdal Tobiasson, redaktør for Nordic Initiative Clean & Ethical fashion og medarbeidar i Krus-prosjektet.

– Med dette prosjektet ønskjer vi å få til det same med tekstil som det vi har sett med kortreist, lokal mat, fortel Tobiasson.

Ho seier at norsk ull då vil representere det litt meir spesielle som brukar lokale verdikjeder.

– Dette gjer at produktet ofte blir dyrare, men betalingsviljen for eit slikt produkt er gjerne høgare, påpeikar ho.

Ho tykkjer det er trist at strikkegenserar produsert i Kina er det som blir selt til dømes på Hurtigruta.

– Vi utnyttar ikkje godt nok dei fantastiske handverkstradisjonane vi har her til lands, seier ho.

Tobiasson fortel at i naboland som Island og Skottland er lokale tekstilar ein del av pakken ein sel til turistar – med stor suksess.

– Det er ikkje mange turistar som forlèt Island utan ein lokalprodusert strikka genser. På Island skal det no også opprettast eit opphavsmerke. Også i Sverige og Danmark er det stor interesse rundt dette. Her ser ein også couture-designerar som jobbar saman med lokale handverkarar.

– Men vi har absolutt tru på at dette også vil spreie seg til Norge etter kvart, understrekar ho.

LES OGSÅ: Kan denne redde verda?

Lite omsetning av norsk ull
Men for å få til ei lønsam verdikjede på norsk ull, må det bli enklare for bøndene å satse på ulla.

– Det er i dag lite fokus på ulla i Noreg – berre 15 prosent blir vidareforedla i Noreg. Resten forsvinn ut av landet – gjerne til teppeproduksjon, seier Lise Grøva frå Nibio.

– Dei fleste som driv med sauar her til lands, har hovuddelen av inntekta si frå kjøtproduksjon, seier Grøva.

Ho er ein del av eit forskarteam som ser på korleis ein kan sikre og forbetre kvaliteten på ull gjennom avl. Det er spesielt kvaliteten på ull hos rasen kvit spælsau som skal vurderast, men prosjektet vil også sjå på andre sauerasar som grå trøndersau og gamalnorsk sau (villsau).

Norsk ull og dei spesifikke kvalitetane ved dei ulike rasane spelar ei vesentleg rolle for norsk tekstiltradisjon og kledekultur. Det er ei særleg utfordring med eldre sauerasar. Desse er sentrale for norske handverkstradisjonar, men kvaliteten på enkelte av ullsortane går ned. Det er slike utfordringar prosjektet ønskjer å finne løysingar på.

– Kvit ull gir betre betaling enn farga ull. For enkelte som driv med sau av gamle rasar med farga ull hadde det vore meir lønnsamt om sauen ikkje hadde ull. Det kostar å få nokon til å klippe ull, og det kan faktisk ende med at bonden får minus i rekneskapen, seier Grøva.

Det meiner ho er eit problem for å få til ei berekraftig utnytting av ressursane våre.

– Det blir sagt at kvaliteten på ull frå kvit spælsau har blitt dårlegare dei seinare åra, med mellom anna meir marg i ulla.

– Det må ei endring til. Ull er eit fantastisk produkt. Vi må sikre god ullkvalitet og så må vi vidareforedle ulla vår. Og så er det viktig at det blir lønnsamt for bonden å ha fokus på ullkvalitet, seier Grøva.

LES OGSÅ: Designa klede av lakseskinn

Kvit spelsau
Kvit spelsau er ein en sauerase vi har mange av her til lands og som også er registrert i Sauekontrollen.

– Det betyr at vi veit kven som er mora og faren, noko som er naudsynt når du skal jobbe med avl. Kvaliteten på ulla til denne rasen er god – ho gir ei fin og glansfull ull. Men ettersom det har vore begrensa fokus på ullkvalitiet i avlsarbeidet  – det er først og fremst kjøt som har vore viktig – har dette gjort at kvaliteten på ulla no ser ut til å vere variabel, fortel Grøva.

– Det vi skal gjere no er å finne ut kva slags variasjon kvaliteten på ulla faktisk har. Så jobbar vi for å sjå på korleis vi kan sikre ønska ullkvalitet. Vi planlegg feltforsøk der vi setje inn ein far med god ull, og så ser vi om sauen får betre ull av dette, utan at det går på kostnad av kjøtkvalitet og liknande. Vi vil trenge mykje testing for å få dette til, seier avlsforskaren.

LES OGSÅ: Vestlandsk design i amerikanske butikkar

Grøn vekst
Alvhild Hedestein, administrerande direktør ved Nibio, trur moglegheitene for grøn vekst er til stade gjennom lokalt forankra verdikjeder som dette.

– Det er viktig at vi blir betre på å utnytte lokale råvarer, slik som norsk ull. Ull tilbyr ikkje berre varige produkt med god kvalitet til forbrukaren, men er også basis for ei vidare utvikling av ei berekraftig næring med betre økonomi, seier ho.

Men for at dette skal skje meiner Lisa Grøva det er viktig at vi utfordrar bruk og kast-kulturen:

– Det vert produsert ei vanvitig mengde med klesplagg. Målet vårt er ein berekraftig trend. Men det er stor mangel på kunnskap om tekstilar. Vi har eit val i forhold til kva slags klede vi har på oss. Her i landet har vi ein fantastisk fiber i ull som kan brukast til mykje, og det er viktig at det blir opna opp for auka medvit kring dette i Noreg, seier ho.