Noreg vil mangle 30.000 sjukepleiarar innan få år, ifølgje Norsk Sykepleierforbund. Statsminister Erna Solberg (H) svarar med å lova auka satsing på vidareutdanning.

NPK-NTB
NPK-NTB

Statsminister Erna Solberg (H) lovde grunn- og vidareutdanning til 15.000 helsefagarbeidarar og vidareutdanning til 15.000 sjukepleiarar fram til 2020 i kommunal sektor då ho innleidde til helsedebatt mot Ap-leiar Jonas Gahr Støre ved Lovisenberg Diakonale Høgskole i Oslo måndag.

– Vi gir dette som eit valløfte. I dag er det 34.000 tilsette i sektoren utan formell kompetanse, sa Solberg.

LES OGSÅ: Ønskjer strengare norsk-krav for sjukepleiarar

Eldrebølgja
Ifølgje Norsk Sykepleierforbund jobbar det 104.000 sjukepleiarar i norsk helsevesen i dag. Med eldrebølgja vil me snart mangla 30.000 sjukepleiarar.

– Halvparten av stillingane som blir lyst ut, er deltidsstillingar. Sånn vil vi ikkje ha det i framtida, seier leiar Eli Gunhild By i Norsk Sykepleierforbund.

Svaret frå Arbeidarpartiet og Jonas Gahr Støre er å «rekruttere fleire, satse på kvalitet og kompetanse og jobbe på nye måtar». Han la til at kommuneøkonomien er eit hovudspor og gjekk til åtak på regjeringa for å svikte på dette området. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE