Naturvernarar jublar over daude tre
Mengda av døde tre i norske skogar har auka med 45 prosent på 16 år. Naturvernarar jublar over auken som kan vere med på å sikre eit større artsmangfald.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I fjor var det 82,5 millionar kubikk død ved i den produktive skogen i Noreg. Det er ein auke på 45 prosent sidan i 1998, viser Landsskogtakseringen. Utviklinga er med å sikre artsmangfaldet i norsk natur. For 16 år sidan var det 57 millionar kubikk død i skogane våre, skriv Nationen.
LES OGSÅ: Fann regnskog på Bømlo
Kjempar for død skog
Tala skaper glede hos blant andre Naturvernforbundet og WWF-Norge. Begge organisasjonane har i mange år arbeidd for å ta vare på meir død og døyande skog over heile landet.
– Ein veldig stor del av natur- og artsmangfaldet i dei nordlege skogane er knytt til nettopp død ved. Vi gler oss over auken – og at skogbruket sjølv har starta fleire tiltak for å få enda fleire døde tre i skogane våre, seier rådgivar Sverre Lundemo i WWF-Norge.
Veksten av død ved er størst i den eldre og mest utilgjengelege skogen. Det er skogane i Oppland, Buskerud, Vestfold og Vestlandet som har hatt størst auke av død ved dei siste 16 åra.
– Den minste auken av døde tre er registrert i Telemark, Agder-fylka og Trøndelag, seier seniorforskar Ken Olaf Storaunet i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio). (©NPK)
LES OGSÅ: – Enorme moglegheiter innan skogbruk