Skal forske på den gode læraren

Videoar frå klasseromsundervisning er eitt av elementa som skal fortelje forskarar kva som gjer ein lærar god.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er forskarar ved Universitetet i Oslo som skal finne svar på dette spørsmålet, fortel forskingsmagasinet Apollon. Små kamera er blitt montert i over hundre norske klasserom på ungdomstrinnet dette året, og filmar både lærar og elevar.

LES OGSÅ: Slik blir satsinga på realfag

Videoane skal analyserast av forskarane. Dei blir vidare samanstilt med nasjonale prøver i rekning og lesing for 8. og 9. trinn, opplysingar om utdanningsbakgrunnen til lærarane og eit spørjeskjema der elevane fortel korleis dei opplever undervisninga. Forskarane samlar også inn oppgåver og power point-presentasjonar som er nytta.

– Målet er å kunne gi konkrete døme på kva som gjer ein lærar god, og forstå samanhengen mellom undervisningsmetodar og resultat på dei nasjonale prøvane, seier Kirsti Klette, professor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på Universitetet i Oslo, til Apollon.

Klette leier LISA-prosjektet. Prosjektet ser på skular som har hatt høg eller normal framgang på nasjonal prøvar. (©NPK).

LES OGSÅ: Berre éin av fire lærarstudentar er menn