– Enorme mogelegheiter innan skogbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordsjølekter vart skogplattform

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

– Dersom me får bygd ut infrastrukturen, ligg det enorme mogelegheiter innan skogbruket i åra som kjem. Dette kan bli ein vinn-vinn-situasjon for alle, sa Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (FrP), like før ho døypte lekteren «Frøya US 102».

LES OGSÅ: – Skognæringa har enormt vekstpotensial

Nysatsing
Ifølgje dagleg leiar Ole Andres Aunet i Engergihogst AS har selskapet investert mellom 25 og 30 millionar i ein lekter som skal brukast til å frakta tømmerhogst. Ideen om å byggja om ein nordsjølekter til ein skogsplattform er heilt ny, og den nydøypte lekteren er det einaste av sitt slag i både Norge og Europa.

Selskapet spesialiserer seg på å hjelpa små og store skogeigarar med tømmerhogsten, og ved hjelp av den nye skogsplattforma kjem dei lett til på øyar og nes utan vegsamband.

 – Ideen om selskapet starta ved ein tilfeldigheit. Eg jobba saman med kona til Lyder Birkeland, og på ein fellestur kom me i snakk om at me begge eigde skog. Han spurde om eg kunne hjelpa han med hogsten, og som ein fleip sa eg ja, seier Aunet.

 Birkeland er busett på Austevoll, medan Aunet er busett i Trøndelag.

 – Grunnen til at me no er på Bømlo er at me har fått oppdrag her. Framover vil me ta oppdrag over heile landet, seier nestformann og medeigar i selskapet, Lyder Birkeland.

LES OGSÅ: Svalbard får sikkerheitskopi av skogen

Utan teikningar
Det er Westcon i Haugesund som har hatt oppdraget med å byggja om nordsjølekteren til skogsplattform.

– Me har aldri hatt liknande oppdrag. Då me tok imot lekteren, måtte me vaska og måla den, før me installerte overbygget. Me brukte to månader på arbeidet, utan å ha teikningar. Dei hadde Lyder i hovudet, seier prosjektleiar Kåre Jarl Salvesen i Westcon Yard AS, avdeling Karmsund.

 Birkeland bekreftar tilfellet.

 – Har du nokon gong vore redd for at nysatsinga skulle gå gale?

 – Ja, litt nervøse har me vel vore, men alt ser ut til å gå bra, seier Birkeland.

Må ha drahjelo
Det er for tida 13-14 tilsette i Energihogst AS. Dei jobbar i turnus, 14 dagar på og 14 dagar av. Dei tilsette har høve for å bu om bord på lekteren. Her er det også plass til maskinar, og 8.000-10.000 kubikkmeter med tømmerhogst.

 – Det er alltid 7 tilsette på jobb om bord, fortel Aunet til Sunnhordland. 

Lekteren er ikkje sjølvgåande, og er avhengig av å bli frakta rundt av ein slepebåt.

LES OGSÅ: Får ikkje landbruksjobb etter endt utdanning

Set pris på initiativet
Det var mange som heldt festtalar og kom med gode ord torsdag ettermiddag. Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland (Ap) var ein av dei.

 – I dag er ikkje Bømlo ein typisk landsbruks- og skogbrukskommune, men eit aktivt jordbruk og skogbruk er ønskjeleg. Det er ingen tvil om at skogen er ein ressurs som kan utnyttast betre i kommunen, og siktagran er betre enn sitt rykte. No har eg vore ein del rundt om i kommunen i samband med valkampen, og eg kan melda om at folk er positive til å hogga skog i kommunen, sa Hovland.