Ein vellukka pøbel

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi gjer ting på ein litt anna måte, men vi gjer det bra. For vi er «street smart», smilar Daniel Raza Shah (24) med dottera til regissør Kari Anne Moe på armen. 

Han er ein del av «Pøbler»-regissøren sine eigne pøblar.

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag

Den ekte kritikaren
Den sjølverklærte pøbelen spring rundt og er heilt uvurderlig del av Pøbel-redaksjonen, som jobbar med lanseringa av dokumentarfilmen «Pøbler» som har premiere fredag 21. august.

Filmen følgjer ein gjeng ungdommar som av ulike årsakar har droppa ut av vidaregåande, men får ein ny sjanse gjennom «Pøbelprosjektet», starta av Eddi Eidsvåg.

Når Daniel seier han likar filmen er det mykje viktigare for Kari Anne enn kva kritikarane meiner. Ho vonar at dei som «Pøbler» og kjenner seg igjen kanskje kan få ein inngang til å snakka om det som er vanskeleg og få hjelp. Dokumentaristen trur mange av dei problema som ungdommane opplever er vanskelege å løysa åleine.

Ho peikar på at det å få ungdom ut i jobb ikkje berre har fordelar for den enkelte. Det lønar seg for heile samfunnet når unge, friske menneske slepp å ty til NAV.

– Ein ting er at ein ikkje får brukt ressursane til folk, ein annan er at ein kan bli veldig sinna av å føla at ein ikkje bidreg eller er ein del av fellesskapet, seier Moe.

Denne problematikken kjem tydeleg fram gjennom historia til Jon Olav, ein av personane me følgjer tettast i filmen.

LES OGSÅ: NAV på skular over heile landet


Jan Olav Sawyer (til høgre) er ein av karakterane sjåaren vert best kjent med I dokumentarfilmen «Pøbler». Her er han på besøk hjå bror sin. Foto: SF Norge AS

Røverradioen
Kari Anne Moe brenn for unge og gav i 2012 ut dokumentarfilmen «Til ungdommen», som tok ei dramatisk vending med Utøya-tragedien.

I «Pøbler» møter me ungdom utan vidaregåande skule, men med anna livserfaring. Det går igjen i lanseringsteamet som er i full sving med lanseringa. Daniel manglar vidaregåande og kom ut av fengsel i februar.

Gjennom «Røverhuset», eit radioprogram laga av fangar ved Oslo fengsel var han rekruttert til lanseringsarbeidet til selskapet Fuglene som har produsert filmen.

– Før dette kunne eg ingenting, men eg fiksa det og fekk denne jobben. Snart skal eg vera med i tv-serien «Oljebarna». Folk må heilt klart få ein sjanse, konkluderer Daniel, som av «Røverradioen»-programleiar Thore Myrmillom vert kalla både «ekte røver» og «vellukka pøbel». 

No er Daniel i radiostudio saman med regissøren sjølv og snakkar om filmen som snart skal ha festpremiere med raud løpar.

Han er ikkje den einaste som har fått ein unik sjanse i samband med filmarbeidet.

Då dei skulle ha tak i folk til å lansera filmen sette Kari Anne Moe og produksjonsselskapet Fuglene inn ein noko utradisjonell jobbannonse. I annsa skreiv dei at dei søkte folk utan reklameerfaring til å jobba med lansering av filmen «Pøbler».

– Så skreiv me: Er du på NAV? Har du droppa ut av skulen? Har du dysleksi. Har du ADHD? Har du sinneproblem? Det er deg me leitar etter, seier Moe og legg fornøgd til:

– Og me har fått den mest fantastiske lanseringsgjengen, så det handlar om å tenkja litt annleis.

LES OGSÅ: Fråfall aukar risikoen for trygd

Pøbler Trailer from Fuglene on Vimeo.

Villfaren debatt
Berre 58 prosent av elevane som vel yrkesfag på vidaregåande fullfører utdanninga si i løpet av fem år. Og det er ikkje heilt tilfeldig kven som droppar ut. Over 87 prosent av born av foreldre med høgare utdanning består vidaregåande. 

Regissøren sjølv vonar at filmen hennar med sine individuelle historier kan gje tala eit andlet og vera eit nyttig innspel i skule- og fråfallsdebatten. Ein debatt ho tykkjer er på feil veg. 

– Eg er så lei av desse diskusjonane om kva snitt du må ha for å koma inn på lærarhøgskulen, kor mange mattetimar som er lurt å ha i veka og om lærarane burde ha meir etterutdanning. Det er som om desse diskusjonane føregår på ein annan planet. Me må snakke om dei borna og ungdommane det gjeld, seier regissøren frå Sandefjord, som sjølv er oppvaksen med ei mor som er lærar.

Ungdommane i filmen har gjerne utfordringar knytt til ADHD eller andre åtferdsvanskar, dysleksi som ikkje har vorte teke tak i og mobbing.

– Det første me må snakka om er at me må ha det bra for å vera i stand til å læra. Det er ikkje slik at sosialt opplegg for å bli godt kjent er krydder du kan ta til slutt om du får tid. Det er plattform for resten, seier 37-åringen framoverlent.

LES OGSÅ: – Matte bestemmer fråfall i skulen


Eddi Eidsvåg er mannen bak «Pøbelprosjektet». Foto: SF Norge AS 

Landsbytanken
Ho peikar på dei mange flinke lærarane som vil gjere ein forskjell, men då er avhengige av verkty når dei ser døme på mellom anna omsorgssvikt. Lærarane er ofte dei som først kan sjå desse tinga, men langt frå dei einaste. Regissøren trekk fram det afrikanske uttrykket: «It takes a village to raise a child». Ho meiner alle må bry seg, sjølv om det er naboens ungar. Gripe inn litt meir, rett og slett.

I tillegg til gode og raske tiltak, meiner Moe at lærarane bør få meir fridom og tillit.

– Det ligg ein kritikk i filmen, som eg håpar folk fangar opp, av det målehysteriet eg meiner finst i skulen. Der alle skal målast etter nokre veldig trange rammer og få eit terningkast, som skal avgjere kor mykje du er verdt for kven. Det er eit kjempefokus på engelsk, norsk, matte og naturfag. Samstundes stenger ein sløydsalar og symjehallar, seier Karia Anne Moe, som føler at det i skulesystemet er litt forakt mot ein del yrker. Kanskje fordi dei som utviklar skulesystemet ikkje har så nært forhold til dei.

Sjølv om det finst visse risikofaktorar freistar Moe å syna at det finst mange ulike typar pøblar.

– Du kan bli pøbel ganske fort. Litt for fort. Slik som Kelly i filmen, som er ei oppegåande jente som kjem frå ein heim med mykje kjærleik. Men ho vert fort den framande fuglen når ho byrjar i klassen etter å ha flytta frå England. Ein ser kor lett det er for ungar å hakka laus på det som er annleis, dersom det ikkje er vaksne der til å rettleia og stoppa det, seier Moe, som trur dei riktige vaksenpersonane kan gjera ein stor forskjell for ein «pøbel».