Slik vil dei løyse klimakrisa

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Må gjera noko med overfloden av fossilbilar

Kommune- og fylkesvalet nærmar seg. Vi spurde ungdomskandidatane i dei ulike partia kva som er den største utfordringa knytt til klimaendringane i Rogaland og korleis dei vil møte utfordringane.

Medan nokre ser på klimaendringane som vår tids største utfordring, meiner andre at det slett ikkje er noko å uroe seg for.          

Olje og bil
– Rogaland er oljefylket, og bidreg til klimautslepp. Det trengs ei grøn omstilling, som skaper nye, grøne arbeidsplassar. I tillegg er det mykje utslepp knytt til biltrafikken. Vi kan kutte mykje utslepp ved å redusere denne.

LES OGSÅ: Klimaforskarar på djupt vatn

Det meiner Eirik Faret Sakariassen, som er ungdomskandidat til Fylkestinget for SV Rogaland.

– SV har lenge ønska at det vert satsa på fornybar teknologi og forsking, så vi kan omstille næringslivet. Det vil vi halde fram med å kjempe for. Det er også eit mål at fleire reiser kollektivt eller med sykkel. Då trengst ei storsatsing på buss, at vi byggjer bybane, betre jernbane (med nyopning av Ålsgårdsbana) og trygge, gode sykkelvegar. Vi tek kampen for ei grøn framtid!

Landbruk og industri
Aleksander Stokkebø er fylkestingskandidat for Rogaland Høgre, og bystyrekandidat i Stavanger. Han løftar fram landbruksnæringa i fylket.

– Som eit av Noregs viktigaste landbruk- og industrifylke har Rogaland naturleg nok relativt høge utslepp. Utfordringa vår blir å kutte i desse ut sleppa utan at det går utover arbeidsplassane. Samstundes må me få ned utslepp frå transport. Regjeringa har forplikta Noreg til å følgje EU sine ambisiøse klimamål om utsleppskutt på 40 prosent innan 2030, og i Rogaland må me ta vår del av ansvaret, skriv Stokkebø i ein epost til Framtida.no.

LES OGSÅ: Vil vite kva ungdom vil leve av

– Kva tiltak vil du gjennomføre for å redusere utslepp av klimagassar i ditt fylke?

– Eg vil arbeide for meir grøn energi, grøn transport og grøne arbeidsplassar i Rogaland. Me må utvikle vindkraft på land og til havs og modernisere vasskraftverk. Samstundes må me utnytte potensialet Rogaland har innan biogass. Biogass bidrar til å redusere utslepp frå landbruk og kan bli brukt til drivstoff for å redusere forureining frå transport, meiner kandidaten.

– Vidare må me få fleire over frå bil til sykkel og kollektivtransport. Eg vil arbeide for at kollektivtilbodet blir endå meir brukarvennleg og tilgjengeleg. Det har blitt betre medan Høgre har styrt og i Rogaland byggjer me blant anna den lengste bussvegen i Europa. Likevel står mykje arbeid igjen. Samstundes er det viktig at me heiar fram gründerane, spesielt dei som ynskjer å skape fleire grøne arbeidsplassar, legg han til.

– Størst trugsel mot mattilgangen
Ingve Berntsen er ungdomskandidat for Senterpartiet til Fylkestingsvalet.

Han løftar fram matproduksjon som den viktigaste utfordringa knytt til klimaendringane i fylket.

– Rogaland er eit av landets viktigaste matproduserande fylke, og det vert berre viktigare i framtida. Eit våtare, villare og meir uforutsigbart klima vil kunne ramme framtidige generasjonar sin mattilgang hardt, uavhengig av kvar ein bur. Lågliggjande bebygging på flate areal i store delar av fylket gjer oss ekstra utsatt for konsekvensane av høgare havnivå og flomregn, meiner han.

LES OGSÅ: Bieffekten

For å møte klimaendringane vil Sps ungdomskandidat stogge nedbygginga av matjord.

– Rogaland er landets verste fylke innan nedbygging av matjord. Til dømes vil nedbygginga av matjord på Vatne i Sandnes åleine kunne sleppe ut like mykje klimagassar som heile Sandnes by sin bilpark, årleg, i fleire tiår.

Berntsen vil også gjere det enklare å velje miljøvenleg transport.

– Eg vil ha eigne togvogner for syklistar, slik at fleire vil velje vekk bilen. Og eg vil ha lyntog mellom alle storbyregionane i landet, slik at fleire vel vekk fly.

– Ei overflod av fossilbilar
Også Venstres ungdomskandidat i Rogaland meiner privatbilismen er blant dei største syndarane.

– Venstre meiner den viktigaste utfordringa som fylkestinget kan gjera noko med er overfloden av fossilbilar. Det blir stadig meir kø, og andelen som reisar kollektivt er lik som på 90-talet. Det bør få alarmbjellene til å ringa i ei tid der klimaendringane fører hundretusenvis på flukt og har sett i gong den største utryddinga av artar verda har sett maken til, svarar Eirik Tangeraas Lygre.

– Kva tiltak vil du gjennomføre for å redusere utslepp av klimagassar i ditt fylke?

– Venstre vil gjera det enklare å ta grøne val. Å reisa kollektivt skal alltid vera billegast, enklast og raskast. Ungdomskortet skal kosta 300 kroner. Me vil ha meir tog, bybane, sykkelveg, buss, el-drosjar og el-ferjer. Slik kan Rogaland ta steget inn i ei grøn framtid med rein luft, moderne løysingar og god livskvalitet.

Vil ha gratis buss
Henrik Heimly Steinnes i Rogaland Arbeiderparti (biletet) er einig. Han peikar på store køar i byområda, med store utslepp som følgje.

– For meg er det viktigaste tiltaket  å få folk til å velje å reise med kollektivtrafikken framføre å velje bilen når ein skal til jobb eller skule. Rogaland Arbeiderparti ønskjer eit pilotprosjekt med gratis buss for å få folk til å velje kollektivt. Eg vil også jobbe for å få eit utsleppsfritt kollektivsystem i fylket, seier han.

Vil satsa på fornybar energi
Håkon Faarlund Hetland frå Rogaland Krf legg på si side vekt på alternativa til fossil energi.

– Den største utfordringa er at det i altfor liten grad vert satsa på fornybar energi, trass i det fantastiske potensialet som fins i Rogaland i form av naturressursar og kompetanse, meiner han.

Politikaren seier han vil forvalte Rogalands potensiale innan vindkraft på ein måte som kjem framtidige generasjonar til gode.

– Eg vil byggje ut og fornye vasskraftverk der det er inngrepsmessig forsvarleg. I tillegg vil eg innføre gratis buss i rushtida, for å redusere bilkøane når trafikken er på sitt verste.

(Håkon Faarlund Hetland, Rogaland Krf. Foto: Øyvind Ganesh)

Ser ingen negative konsekvensar
Frå Kystpartiet er det Erling Skåtøy som svarar. I motsetnad til dei andre politikarane ser han ikkje nokre store utfordringar knytt til klimaendringar i fylket. Tvert om.

– Ei auke i gjennomsnittleg temperatur er positivt for næringslivet her. Eg ser ingen behov for å redusere utslepp av klimagassar i vårt fylke. Karbondioksid er ein livgjevande gass, som vi alle treng, både mennesker, planter og skog, meiner han.

LES OGSÅ: – Me veit kva me kan gjera, men det er ikkje så mange som gjer det