Lang veg igjen for Engebø-gruva

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare i sommar kom det fram at selskapet manglar løyve frå Miljødirektoratet til å sleppe ut 720 tonn av prosesskjemikalet Flotinor SM15 i Førdefjorden kvart år. Selskapet må ha løyve for dette før dei kan gå i gang med rutil-utvinninga i Engebøfjellet i Naustdal i Sogn og Fjordane.

I tillegg må Nordic Mining ha driftskonsesjon etter minerallova frå Direktoratet for mineralforvalting, og dei må ha løyve frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til å ta ut 300 tonn ferskvatn per time til utvasking av minerala, skriv Nationen.

LES OGSÅ: – Kan bli ein langvarig strid

Lang saksbehandlingstid
Direktoratet for mineralforvalting har så langt ikkje fått nokon konsesjonssøknad frå Nordic Mining, ifølgje seksjonsleiar Marte Kristoffersen i direktoratet.

– Eit slikt løyve må vere på plass og eventuelle vilkår og atterhald i løyvet må vere oppfylte før utvinninga kan starte. Det er gjerne mykje arbeid med ein slik søknad, og det kan ta lang tid å behandle ein, seier Kristoffersen til avisa.

Ho peikar på at direktoratet no har fleire hundre konsesjonssøknader i kø, og at det kan ta fleire år å få unna køen.

For å få tilgang til dei store ferskvassmengdene gruveselskapet treng til gruvedrifta, må dei òg søkje NVE om konsesjon etter vassressurslova. Saksgangen er ikkje ulik den småkraftverk må gjennom.

LES OGSÅ: Manglar eitt utsleppsløyve i Førdefjorden

Trygg på prosjektet
Administrerande direktør Ivar Fossum i Nordic Mining såg gjerne at søknadsprossessane for oppretting av gruvedrift var meir effektive, men er ikkje uroleg for prosjektet.

– Vi er trygge på at vi får driftskonsesjonen på plass i god tid før oppstart. Når det gjeld vassforsyninga, er dette langt mindre omfangsrikt enn gruveanlegget og sjødeponiet, og vi skal gjere det på ein ordentleg måte, seier Fossum til avisa.

Nordic Mining reknar med å bruke to år på planlegging og to år på bygging etter at alle løyva er på plass. (©NPK)

LES OGSÅ: Grøne parti vil gjera gruveslam til stemmeagn