Livet med musikken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunstnarisk barndom
Siri Nilsen er fødd i 1985 og oppvaksen på Sagene i Oslo. Det var mykje musikk rundt henne i barndommen, ettersom begge foreldra hennar er musikarar. Dei lytta til folkemusikk, jazz, viser og pop – sjangrar ein kan høyre spor av i den musikken Siri lagar i dag.

Men det var ikkje opplagt at ho skulle bli musikar; som barn var Siri like oppteken av dans, skodespel og teikning som ho var av song. Då ho var 11, spelte ho ei av hovudrollene i barnefilmen Maja Steinansikt (1996). Opp gjennom tenåra og dei tidlege 20-åra heldt ho fram som stemme-skodespelar, det vil seie ho gav stemme til karakterar i animasjonsfilmar, f.eks. til Haru i Katteprinsen (2005) og Lisa Simpson i The Simpsons Movie (2007).

Då Siri var 15, lærte ho seg å spele gitar. Med dette kom lysta til å skrive eigne songar. Samtidig med at ho skreiv songar, blei ho også meir og meir oppteken av dans. Då ho var ferdig på vidaregåande, gjekk ho ikkje vidare på ei musikkutdanning, men starta i staden på Den Norske Balletthøyskole.

Den gode konserten
På Den Gode Café våren 2007 tok Siri songane sine opp av skuffa og framførte dei for første for eit publikum. Sidan har vegen gått i musikalsk retning. Ho slutta på balletthøgskulen og begynte å jobbe som musikar i staden. Hausten 2008 vann ho Grappas debutantpris, som inneber platekontrakt med Grappa for å lage debutalbum.

Albumet fekk namnet Vi som ser i mørket (2009), og hadde songar på både engelsk og norsk, skrivne frå Siri var 17 til ho var 23. I tillegg til å synge spelte ho mellom anna ukulele på albumet. Den muntre lyden i ukulelen kunne skape ein god kontrast til dei mørkare tekstene, meinte ho. Instrumentet har etter kvart blitt eit slags kjenneteikn for Siri Nilsen – sjølv om ho også spelar piano og gitar.

Prisar, album og baby
Etter å ha spelt ei rekke konsertar rundt om i Noreg gjekk Siri i studio og spelte inn det andre albumet sitt. Her samarbeidde ho med nye produsentar: Jens Carelius og Øyvind Gundersen. Ho kjende Carelius frå bandet Blues Run The Game, der dei begge spelar.

Hausten 2011 kom Alle snakker sant ut, denne gongen med songar berre på norsk. Albumet fekk god mottaking i pressa, og Nilsen vart nominert til Spelemannpris i kategorien Beste kvinnelege artist. Tittelsongen og hitsingelen Alle snakker sant fekk dessutan merksemd i utlandet; den britiske avisa The Guardian meinte ein ikkje trong kunne norsk for å setje pris på så god folkpop. Sommaren etter spelte Siri på Øyafestivalen – og ho fekk også det første barnet sitt. I 2013 fekk ho Oslo bys kunstnarpris.

Hausten 2014 kom Siri Nilsen med det tredje albumet sitt, Skyggebokser. Her har ho lagt frå seg ukulelen, og rørt seg over i det meldarane kallar eit meir «modent» musikklandskap. Albumet vart ein stor suksess, og gav Nilsen tre Spelemann-nominasjonar, i kategoriane vise, tekstforfattar og komponist. Ho vann sin første Spelemannpris i kategorien tekstforfattar.

Først publisert i Norsk Barneblad.