Batteriferjer knuser dieselferjer
Lønsamt å skifta ut 127 ferjer til anten batteri- eller hybriddrift, viser ny studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Av dei totalt 180 ferjene som kryssar norske fjordar, vil det løna seg å skifta ut 84 av ferjene til batteridrift og 43 ferjer til hybrid drift. Det tilsvarer over 70 prosent av den norske ferjeflåten. Det er konklusjonen i ei fersk undersøking som Siemens har laga i samarbeid med Bellona.
Studien tek utgangspunkt i erfaringane frå batteriferja «Ampere», som har brukt dei elektriske løysingane frå Siemens.
Tidlegare i år la Energi Norge og DNV GL fram ein rapport som viste at batteriferjer ville vera lønsamt på 20 ferjesamband av 52 med overfartstid på mindre enn 30 minuttar.
LES SAKA: El-ferjer meir lønsamt på 20 ferjesamband
Krev at batteri blir standarden
Batteriferja «Ampere» blei sett i drift i vinter, men så langt har ingen andre ferjestrekningar fått elektrisk drift. No krev Bellona at batteri- og hybridferjer blir standarden når staten og fylka kunngjer nye ferjeanbod.
– Omstillinga må starta no. Dei næraste åra skal ti nye ferjestrekningar med totalt 22 ferjer ut på anbod. 20 av dei eignar seg for batteridrift. Teknologien finst og det er økonomisk lønsamt. Det er ikkje lenger noko alternativ å halda fram med miljøfiendtlege dieselferjer, seier Frederic Hauge, fagleg leiar i Bellona i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Vil starte miljøløft i Hordaland
– Teknologien er moden
Han krev at samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen følgjer opp Sundvolden-erklæringa, der det står at regjeringa vil «Utarbeida krav om at alle nye offentlege køyretøy, og alle nye drosjer, ferjer, rutebåtar og dieseltog, nyttar låg- eller nullutsleppsteknologi når teknologien tilseier dette.»
Både Bellona og Siemens har set seg lei på at regjeringa og Solvik-Olsen gøymer seg bak at teknologien ikkje er moden.
– «Ampere» har tilbakelagt ei strekning tilsvarande ein halv gong rundt jordkloden. Teknologien fungerer, det er berre å ta henne i bruk, seier Odd Moen, leiar i marinedivisjonen i Siemens i pressemeldinga.
LES OGSÅ: Elbilar er pengesluk for ferjeselskapa
Faktaboks
Hovudfunna i undersøkinga til Bellona og Siemens:
• 84 ferjer passar for heilelektrisk drift
• 43 ferjer passar for hybrid-teknologi
• Totalkostnaden er 3,5 milliard kroner (inkludert infrastruktur og ladeløysinger), men innsparinga vil bli 700 millionar pr år.
• Tiltaket vil redusera CO2-utsleppa med 300.000 tonn i året. Det tilsvarer utslepp frå 150.000 bilar.