Størst nedgang blant ungdom.

mm

Rundt 40 prosent av oss har vitja eit folkebibliotek i løpet av det siste året, ein nedgang på kring 8 prosentpoeng frå 2005. Nedgangen er spesielt stor blant dei mellom 16 og 44 år, medan dei yngste og dei eldste bruker biblioteket om lag som før.

To av tre barn og unge har brukt biblioteket det siste året.

Dette viser ei ny undersøking frå Statistisk sentralbyrå, som for første gong på ti år har undersøkt kven som bruker biblioteka.

36 prosent av alle frå Nord-Noreg har vore innom biblioteket dei siste månadane, medan berre 20 prosent av trønderane og 21 prosent av vestlendingane har gjort det same.

LES OGSÅ: Biblioteka er budsjettaparar

Fleire på arrangement
Medan færre nyttar seg av tradisjonelle bibliotektenester, er det fleire som tek i bruk biblioteka på andre måtar. Fleire nyttar seg av biblioteket sine nettenester, både i lokala til biblioteket og frå andre stader, til dømes til å forlenga lånetida. Ein tredel av dei spurde oppgjev òg å ha sett utstillingar på folkebibliotek siste året, medan ein av fire har vore på møte, førestillingar, kurs, debattar og liknande arrangert av biblioteket. Dette gjeld spesielt for aldersgruppene 45 år og eldre.

Nøgde brukarar
Sjølv om færre vitjar folkebiblioteka, svarar heile 77 prosent av dei spurde at det er viktig med eit godt bibliotek i kommunen. Kvinner og personar med høg utdanning er særleg oppteken av å halda på bibliotektilbodet. Dei som bruker biblioteket er òg jamt over godt nøgde med tilbodet.

Meir enn 9 av 10 spurde er samde i at biblioteket har eit godt og variert utval av bøker.

Innbyggjarundersøkinga som blei lagt fram tidlegare i år, viste at folkebiblioteka er det offentlege tilbodet som folk er mest fornøgde med.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

ANNONSE