– Me er unge, men ikkje uansvarlege

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Finn eg noko eg brenn for, kjem eg nok til å stemma, seier Silje Holm Carlsen (16) frå Luster.

Ho er ein av 16-åringane i landet som skal få høve til å stemma ved lokalvalet til hausten. Ho har ikkje heilt funne partiet sitt enno, men fortel at sjansen er stor for at ho vil bruka stemma si i september.

De unge lustringen er ikkje spesielt stressa over å vera med i forsøket. Dei fleste andre 16-åringar har også ein del ansvar, seier ho. Ho trur ikkje ein bør undervurdera stemma til 16- og 17-åringane berre på grunn av alderen.

– Me er unge, men ikkje uansvarlege. Me får til meir enn mange trur. Dei to åra opp til 18 gjer ein skilnad for mange, men ikkje så stor skilnad, seier Holm Carlsen.

Heimkommunen hennar, Luster, er ein av 20 som er med på forsøket med stemmerett for 16-åringar i år. Kommunen var også med i førre runde – då fekk dei høgst valdeltaking blant 16- og 17-åringar i heile landet.

LES OGSÅ:  Debatten blir krangla vekk

Ungdommane i Luster let seg engasjera av ting som også mange andre ungdommar let seg engasjera av. Fritidstilbod, idrett og standarden på skulane.

– Me har greie tilbod her, men det kan alltid bli betre, seier Holm Carlsen.

Det er ikkje så lett å peika på ein enkelt grunn til at Luster fekk så god valdeltaking blant dei yngste ved førre lokalval.

– Nokon engasjerer seg veldig mykje, men dei aller fleste er midt på treet. Det trur eg er bra. Alle kan ikkje engasjera seg like mykje, då hadde det blitt eit kaos av ulike meiningar.

– Men kvifor fekk Luster best valdeltaking?

– Me fekk mellom anna veldig god opplysing. Så vidt eg hugsar reiste dei rundt på skulane og sa at det var mogleg å stemma, svarar Silje Holm Carlsen.

Men ho påpeiker også at ho sjølv var 12 år ved førre kommune- og stortingsval, og kan difor ikkje uttala seg så mykje om korleis forholda var den gongen. Men ho kan uttala seg om korleis dette kullet med 16- og 17-åringar. Mykje ligg an til ei liknande valdeltaking.

LES OGSÅ: Her stemmer 16-åringen

Eit vanleg argument mot å lata 16- og 17-åringar stemma, er at ungdom i den alderen lett let seg påverka av kva venene gjer. Om ein bestemmer seg for å legga inn ei tullestemme, kan fleire følgja etter. Det trur ikkje Silje Holm Carlsen vil skje med lustringane.

– Eg har inntrykk av at me er sjølvstendige, og tek eigne val. Eg marker i alle fall det på dei eg er med, folk seier nei til det dei ikkje vil.

LES OGSÅ: Forskar på dei yngste veljarane

Faktaboks

Desse kommunane er med i andre runde av stemmerettsforsøket med 16- og 17-åringar:

Austevoll

Eid

Gausdal

Hamar

Horten



Klæbu

Kautokeino

Kristiansund

Lillesand

Luster

Mandal

Marker

Målselv

Namdalseid

Oppegård

Porsgrunn

Stavanger

Tysfjord

Vadsø