Ingen ordførarar med innvandrarbakgrunn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Partia gjer for lite

Talet på kommunestyrerepresentantar med ikkje-vestleg bakgrunn vart dobla frå kommunevalet i 2003 til valet i 2011. Likevel er dei framleis underrepresenterte. Ingen norske kommunar har ein ordførar med minoritetsbakgrunn.

LES OGSÅ: Anri vil bli ordførar

Forskar Beret Bråten ved forskingsstiftelsen FAFO har tidlegare undersøkt korleis dei politiske partia jobbar med å integrere innvandrararminoritetar i eigen partiorganisasjon.

– Det overraskar meg ikkje at dei framleis er underrepresenterte, seier ho til NRK.

Bråten meiner det er ein klar grunn til dette.

– Partia har kvinnegrupper som sikrar kvinner på listene, ungdomspartia sikrar unge kandidatar, og lokallag sikrar geografisk spreiing. Få parti har innvandrargrupper, og derfor blir dette omsynet ofte gløymt, seier FAFO-forskaren til NRK.

– Partia må etablere klare regler som sikrar minoritetspolitikarar plass, seier ho.

Bråten meiner det er vanskelegare for ein representant med innvandrarbakgrunn å bli sett på som ein generell representant enn for ein med heilnorsk bakgrunn. (©NPK)